Home Sweet Home

Anne van Oorschot

Skrive av Anne van Oorschot - (08.08.2009)

Anne van Oorschot (38) flyttet til Bremanger fra Nederland i 2000, sammen med mannen sin Rogier, og barna Stijn (11), Ive (9) og Lotte (6). Årsaken til at de flyttet var at de ønsket seg god plass, urørt natur og gode oppvekstvilkår for ungene. Nå eier de et småbruk på Davik og stortrives.

Då har vi lagt ferien bak oss. Og trur du at eg er fullstendig utkvilt og avslappa no? Nei, no har eg nemleg for første gang i mitt liv vore på sommarferie i Nederland. Nå ja, ferie…

Mannen min jobbar med turistar, så vi kan aldri ta ein felles familieferie om sommaren.  Eg unner mine barn litt avveksling og nye opplevingar og sjølvsagt ynskjer vi å sjå slektningane våre. Barna er veldig opptatt av å kunne leike med sine søskenbarn, så i år bestemte eg meg for å glede mange og køyre nedover.
 
Viss dere ikkje har skjønt det så langt, så er vi ikkje vande med så mykje folk rundt oss lenger. Men det er fleire ting som er uvante. Ungane heia i baksete når speedometeret på bilen kom over 100 kilometer (der det var lov!), det er ikkje ofte dei får oppleve det her i Sogn og Fjordane.. Og vi koste oss med alle fancy bilar som raca forbi i Tyskland: Audi TTTTT, Porsche,  BMW.
 
Den andre sida av medaljen var mykje vegarbeid og køkøyring. Kvar gang eg måtte slakke ned farten, kom det eit hjartesukk frå baksetet: Ikkje no igjen…..Heftig langt frå min kvardag,
 
Ungane koste seg enormt. Det var eit heftig program frå tidleg om dagen til seint på kvelden. Bursdag her og der, fornøyelsespark, bading, bordtennis, leiking, shopping, kino, besøk, overnattingar. Vi blei tatt i mot med opne armar og folk laga spesialrettar til oss som ein berre kan få i Nederland. Kjekt å sjå alle igjen til trass for at vi ikkje hadde så veldig mykje tid å prate med kvarandre.
 
Så var det realitetssjokket då eg budde hos svigerinna mi i Eindhoven: Korleis finne ein parkeringsplass til bilen (heldigvis beherska eg framleis lukeparkering), kor er hagen og utsikta, kor mykje er euro verdt i norske kroner, høge parkeringsutgifter, enorme utval i butikkane. Eg fekk augebetennelse, sannsynligvis ein reaksjon på den ureine lufta. Vi hadde ganske mykje regn (og eg hadde nekta å pakke støvlane, så vi blei nokon gangar våte på føttane). Bilistar som fløytar når du ventar eit sekund for mykje framfor trafikklyset, eller når nokon sperrar eit vegkryss fordi det er kø. Fetteren vår som blei banka opp av nokon klassekameratar og sykkelen hans som blei øydelagt.
 
Dette var litt langt frå min kvardag på Davik. Og eg må innrømme at eg blei stressa av det.
Og ikkje minst grådig. Alt utvalet i butikkane gjorde at eg ville ha alt. Men så kom jo den stemma innanfrå: Treng du dette verkeleg? Har du bruk for dette på Davik? Blir du lykkelegare av det? Dei fleste gangane kunne eg svare «nei».
 
Vi fekk også besøke våre beste venner som har kjøpt eit lite naturparadis midt i tettaste Nederland. Eit lite hus, men med ei fantastisk tomt som grensar til et verna naturområde. Dei har ein liten båt liggande bak huset, dei har hestar, geiter og høner, ei lita strand med badevatn, og dei fiskar. Dette er virkeleg unikt i Nederland og eg er glad på deira vegner at dei har skapt dette. Men eg er bortskjemt. Eg høyrer motorvegen, eg saknar utsikt.
 
Eg hadde kanskje gløymt det litt allereie, men no skjønar eg enda betre korleis dei nederlendarane har det som kjem på ferie til Norge.  Vi har feriegjestar på campingplassen vår som set seg ned framfor teltet og dei berre ser og nyter: Frisk luft, fantastisk natur og fred.
Eg forstår det, og skal ikkje gløyme dette. Og du?

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Home Sweet Home”

Skriv din kommentar

Siste nytt

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt