Dagene flyr i Høyanger

Ina Therese Sørfonden

Skrive av Ina Therese Sørfonden - (22.01.2010)

23 år, fødd og oppvaksen i Bergen, men med mange barndoms- og ungdomsår på Høyanger sørside, Ikjefjord. Held på med master i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Har byrja på 4 året etter eit permisjonsår frå studiet då eg arbeidde som rådgjevar ved NAV Høyanger. Er elles glad i å trene, lære nye ting og nye folk å kjenne. Er ikkje fullt så glad i husvasken.

Klokka tikkar mot fredagskveld, og eg kjenner gjerne at dette ikkje er det eg treng akkurat no. Men samstundes har eg veldig lyst til å nytte sjansen til å komme med nokre meiningsytringar og refleksjonar over det å vende attende til Sogn og Fjordane.

Det er ein trøytt fredagsettermiddag. Etterdønninga frå jule- og nyttårsfeiringa dunkar framleis i bakhovudet der ein stad. Eg sit på jobb og skriv enkeltvedtak på enkeltvedtak i staden for å sitte heime i sofakroken med eit glas god raudvin. Og akkurat i det eg tenker meg heimover for nettopp å hente fram raudvinsglaset, dett det inn ein mail som minnar meg på at det er min tur til å blogge for framtidsfylket.

Opphavleg er eg fødd og oppvaksen i Bergen. Linken til Sogn (red.anm. Sogn og fjordane) har likevel alltid vore der. Med besteforeldre på Leikanger, og i Ikjefjord, gjekk helgeturane titt og ofte til Sogn. Som 6 år gammal tok eg flytteskoa på meg og vende nasa mot Sogn og Ikjefjord på Høyanger sørside. Her budde eg på ein odelsgard saman med mor, stefar, søsken, besteforeldre – og tyske turistar i kårhuset 5 meter frå husveggen. 15 år gammal stor Førde og vidaregåande for tur, før eg enda opp i Bergen som nyinspirert jusstudine. Taka var tøffe på jusstudiet, og det var alltid godt å komme ”heim” til Ikjefjord for å slikke sår og lade batteri. Det er noko herleg oppfriskande med lufta her, ein ekstra tvist som gjev energi til eit temmeleg varmt og til tider lamma topplokk. Naturen gjev deg sjelefred og ein kan faktisk ta seg ein joggetur på grus – og ikkje på eviglange asfaltstiar.

Som ungdom var eg både naiv og frittalande. Til alle som ville – og ikkje ville – høyre, proklamerte eg klårt og tydeleg at: ”Aldri vil eg komme attende til Sogn og Fjordane”. Dette var fylket for bønder og menneske som tek til takke med middels. Dette var fylket for dei uopplyste, dei som hang igjen i det førre århundre. Klar var eg i min påstand, og høgare har vel gjerne aldri fallhøgda vore for min del.

For her sit eg på eit kontor – og det er ikkje ein betongvegg to meter frå vindauget mitt – men derimot strålande utsikt utover Høyangerfjorden, med sine bratte fjellsider og klukkande bølgjer. Og kontoret er ikkje avdanka, middelmådig eller uopplyst. Det er derimot moderne, lyst og velfungerande. – om ein ser vekk i frå internetthastigheit som for øvrig er frå det førre århundre. Eg bit gjerne i meg orda eg som oppildna og utolmodig ungdom ytra. For så feil kan ein ta. Eller kanskje er det rettare å seie, at så ignorant kan det gå an å vere. Det er lett å sjå seg blind på alle dei attraksjonane storbyane tilbyr med blinkande, forlokkande neonlys. Særleg som ung, uerfaren og utolmodig. Ein gløymer lett dei godene det er ved å bu utanfor storbygrensene. Sogn og fjordane som fylke kan eg gjerne ikkje uttale meg i heilskap om – men eg har vore litt rundt omkring og jammen meg er det ikkje så verst her.

No i jula var eg faktisk på det eg sjølv kalla for ein liten ”Sogn og Fjordane”-turné. Av diverse årsaker var eg innom både indre Sogn, ytre Sogn og Sunnfjord (dessverre gjekk ikkje turen til Nordfjord i år), og med glitrande nysnø som hang tungt på grantrea i liene, kontrasten mellom fjordane og fjella og sola som legg det perfekte sistestrøket over maleriet, så vart eg nær patriotisk og nasjonalromantisk på min lille rundtur. Jammen er vi heldige som har eit så vakkert fylke som vi har.

Det å komme til Høyanger tettstad er ikkje som å komme heim att. For meg er dette ein heilt ny stad med nye moglegheiter. Høyanger tettstad er noko heilt anna enn Høyanger countryside (sørsida). Og det er definitivt noko anna enn Bergen by. Eg må innrømme at det var med ein viss skepsis at eg valde å søkje jobb her i Høyanger. Forventningane var det så som så med, og eg hadde nok gjerne ikkje tenkt heilt igjennom kva dette eigentleg ville innebere for meg. Brått vart eg – om eg får bruke eigne ord – fullstendig isolert frå nære og kjente vener i storbyen og det var ikkje mogleg å finne ein stad å bu. Brått var det ikkje sushi-restaurant rett rundt hjørnet, og butikkane var ikkje opne til klokka 23.00 ein laurdagskveld. Det var tidspunkt der eg var rett ved å vende nasa attende til Bergen. Ein har gjerne ein lett tendens til fort å bli vand med slike godar når ein har budd i ein storby som Bergen ei stund.

Men dette har lært meg ein ting, og det er det at det er viktig å kunne tenke alternativt og vere kreativ. Lag din eigen sushi! Fisken kan du hente rett opp frå Sognefjorden eller kva slags fjord du no enn måtte opphalde deg i (med unnatak av Høyangerfjorden) og ferskare får du den ikkje. Lag handleliste og ta butikkrunden på veg frå jobb eller treningsturen! Det går faktisk an å planlegge og går på butikken på andre tidspunkt enn akkurat 22.55.

Eg har opplevd mange små fantastiske ting etter at eg flytta til Høyanger. Frykta var stor for at eg ikkje ville bli kjend med nokon dette året utanom mine arbeidskollegaer. Men måten folk har teke i mot meg her i Høyanger på, er overveldande. Bygda er så utruleg flink til å ta alle som vil vere med, med på laget. Sjølv om det har råda ein viss panikk etter Fundo-konkursen og det framleis kan merkast, er det ein positivisme her som gjer meg glad. Det forundrar meg kor godt det er å oppleve å bli sett og å bli hugsa, å kunne sjå og hugse mine naboar. Det å faktisk oppleve at eg litt etter litt kjem inn i eit større fellesskap og etterkvart har fått lov til å ta del i noko som betyr noko for andre her på tettstaden, gjev ei god kjensle.

Og dagane flyr! 6 månader har spurta av garde, og eg har kun 6 månader igjen før eg skal attende på skulebenken, noko som inneberer at eg må flytte frå Høyanger. Og eg kjenner at eg vert litt vemodig ved tanken. Storbyjenta Ina som i alle år lengta til ein større stad, har blitt Bygdejenta Ina. Eg er forelska i fylket mitt igjen – og det kjennes herleg. Det å kunne ta to steg frå ytterdøra og bokstavleg talt kunne springe, gå turar i naturen og det å kunne nytte kjempe flotte skiløyper på Siplo, gjer at eg kjenner meg heldig.

Om nokre få helgar er det Gøyanger Frys her i Høyanger. Då blir det årlege Tea-løpet og Langhamrane ned arrangert, og programmet består også av afterski og mange artige vinteraktivitetar. Eg kjenner eg gledar meg veldig til det. Både fordi eg er glad i ski, afterski og kvikk-lunsj, men også fordi eg gledar meg til å vere med i fellesskapet her. Ein skal ikkje undervurdere det faktum at ein på mindre tettstadar lettare å bli kjend med andre og det er lettare å sjå andre og å bli sett. Det er ikkje alltid ein uting meiner eg. Eg gledar meg til å utforske meg sjølv om gjenoppstått bygdedyr, og takkar Høyanger for den tida eg har hatt her til no. Eg gledar meg til fortsettinga!

Neste gong kjem eg med ny tilstandsrapport og ei lita oppsummering frå Gøyanger Frys. Ha ei vakker helg og nyt vinter, snø og lys!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Dagene flyr i Høyanger”

Anne Berit Takle sier:

Flott blogg, Ina. Eg kjenne at eg er einig med deg, og at eg er glad i deg.
Helsing tanta.

Erlend sier:

hehe..ja, kem skulle tru, Ina :)
herlige refleksjonar, og støttar deg fullt ut om by vs. land!
Sogn e plassen, og her e moglegheitene ;D

Torill Jdaini sier:

Flott blogg Ina. Så typisk deg:) Klok , reflektert og positiv. Kjenner meg igjen frå den tid eg var 19 år og flytta til ein by. Det vart 25 år før eg kom heim til flotte Sogn og Fjordane. Har ikkje angra..

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt