Februar: Fundokonkurs 1 år... Mars: Nye moglegheiter!

Ina Therese Sørfonden

Skrive av Ina Therese Sørfonden - (09.03.2010)

23 år, fødd og oppvaksen i Bergen, men med mange barndoms- og ungdomsår på Høyanger sørside, Ikjefjord. Held på med master i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Har byrja på 4 året etter eit permisjonsår frå studiet då eg arbeidde som rådgjevar ved NAV Høyanger. Er elles glad i å trene, lære nye ting og nye folk å kjenne. Er ikkje fullt så glad i husvasken.

«Men mitt hovud var i kaosliknande tilstand eit sekund. I utgangspunktet er eg ikkje ein særprega kvinneforkjempar, og synes det er behageleg når mine mannlege vener tek i eit tak, slik at nettopp eg slepp å ta i eit tak...»

I skrivande stund nærmar kvinnedagen seg, og det er kanskje difor eg beit meg merke i ei hendig her for nokre dagar sidan. På denne vakre vinterdagen som er i mine tankar, gjorde eg meg – i mine auge – ein noko artig observasjon. Hendinga gjorde at eg innsåg at min person nok gjerne framstår som noko annleis enn det den gjorde før eg byrja å arbeide på NAV Høyanger. Gjennom arbeidsdagen skjedde det eit uhell, som resulterte i ei lita tingleg skade. Ein mann trådte til – utan spørsmål om det var naudsynt eller ikkje. Han fiksa og triksa – og var sjølvsagt svært flink til å fikse og trikse. Det vart som sagt konstatert tingleg skade, og for mitt auge var det berre ein ting å gjere – å ta fram superlimet. Det verka dog til at min mannlege hjelpar tok det for gitt at eg hadde planen klar og tok fatt på ei innføring i kva eg måtte foreta meg: Eg måtte ta tingesten med meg heim… til mannen min, så kunne han lime den. Så forfjamsa vart eg at min einaste reaksjon var  å seie: ”Jammen å lime greier no eg også”. Men då hadde min mannlege hjelpar allereie konstatert at hans arbeid var gjort og gått der i frå. Mutt og litt fornærma faktisk, stod eg igjen med tingesten i handa. Mine kvinnelege kollegaer lest ikkje til at noko urovekkande hadde skjedd.

Men mitt hovud var i kaosliknande tilstand eit sekund. I utgangspunktet er eg ikkje ein særprega kvinneforkjempar, og synes det er behageleg når mine mannlege vener tek i eit tak, slik at nettopp eg slepp å ta i eit tak. Men… Eg hadde gjennom denne vetle hendinga fått konstatert to ting, og dei var for meg uunngåelege å ikkje legge merke til. For det første innsåg eg at eg sakt men sikkert har gått frå å automatisk bli sett i kategorien ”young, free and singel” student, til no å automatisk gå for å vere godt gift med mann og sikkert små barn. At ein jobb i NAV og det faktum at eg ikkje lenger er på by’n kvar helg, kan ha slik effekt, er utruleg! (for den som måtte lure, eg verken byrja å yngle, eller funne meg eit passeleg emne for giftarmål) For det andre måtte eg konstatere at nokre menn framleis har som eit instinkt å trå til dersom skade skjer, og det er kvinner involvert. Eg hakkar ikkje på iveren til å hjelpe – for intensjonen var nok god. Men å innsjå at iveren nok hadde sitt utsprang i at det kun var kvinner involvert, og han var einaste mann til stades, ja, det skremde meg. Eg er inga hjelpeslaus kvinne, eg klarar fint å ta fram superlimet sjølv, om det skulle vere naudsynt – og å sjekke olje på bilen min, for den som enno ikkje kjenner seg overbevist! Vel, nok om det. I førre blogg avslutta eg med lovnad om rapport frå vinterens store event: Gøyanger:Frys.

Helga 5-7. februar var det duka for Gøyanger:Frys. Ikkje berre var det noregscuprenn i skialpinisme, det var også Barnas turlag sin Kom deg ut-dag! Dagen byrja tidleg for oss funksjonærar og med lovnad om å bli henta med snøscooter på parkeringsplassen på SIplo, troppa vi friske og freidige opp kl. 09.00 – sharp. Lange vart maskene når ein skjønte at snøscooteren ikkje berre lot vente på seg – men ikkje kom. Skia kom på, og Ina var nær ver å gå i bakken. Herleg start på dagen, men bakglatte ski og ein seig oppoverbakke opp til Siplo. Men motet var stort og gleden av å skulle tilbringe heile dagen ute i det fri var ektekjent. Heilt ærleg.

Dagen braut fram i strålande sol og frisk luft, litt og litt kara fleire seg opp til Siplo og konkurransedeltakarane kom til startpunktet: barnebakken i Siplo. Her var det aktivitetar for både små og store. Grilling, kioskutsal, utsendingar frå Sport’n med knalltilbod på vintervarer, konkurransar, musikk og konferansier, og ikkje minst Noregescuprennet.

For dei som måtte lure på kva skialpinisme er, så er det ein sportsgren kvar deltakarane både skal forsere motbakkar og komme seg fortast mogleg ned att motbakkane – ikkje berre ein gong, men gjerne to og tre gonger. Altså ikkje ein sport for dei med svak moral og dårleg motivasjon på slutten av ei treningsøkt.
Ein svenske – bittert som det var - gjekk av med sigeren, men det må kunne konstaterast at dagen hadde vore upåklageleg kjekk!

Helga 13.-14. mars er det Gøyanger Snø, med konkurransar i aking, bortoverski og nedoverski, samt Konglerennet for unge og lovande. Det er berre å spenne skia på beina, nordmann, og bli med ut i snøen å leike! Vi er klare – er de?

Alt er diverre ikkje leik og moro i Høyanger i desse dagar. Og for å relatere noko av det eg driv med i min arbeidsdag til bloggen, gjer eg no eit forsøk på kome med eit par velmeinande ord til ettertanke og inspirasjon.

I februar var det 1-årsdagen for Fundo-konkursen. Årsdagen vart ikkje feira som så mange andre årsdagar blir, med kaker, pomp og  prakt. Dette var for mange dagen for ettertanke. Realiteten er at mange på denne dagen har gått arbeidsledige i 1 år. Tala på menneske utan arbeid er store, og i statistikken av sjukemeldingar og menneske på folketrygdeytingar, skjuler det seg mange arbeidsledige.

Men i staden for ettertanke og lengsla etter slik det ein gong var, trur eg det no er på tide å sjå framover. Ein har sagt det i omlag eitt år no, men no er det på tide. Det er på tide å ta attende kontrollen over livet  ditt, å byrje å leve igjen.

I desse dagar vert det arrangert Næringslivsmesse i Høyanger. Her kjem dei bedriftene vi har i kommunen, nyetablerte, som gamle travarar,  og ikkje minst - potensielle nye aktørar. Her kjem t.d. Carbontech, Nordic Power System, SafeClean, St. Jean Industries, Østerbø Maskin, Statkraft og mange fleire. Eg håpar å sjå mange frå Høyanger denne kvelden, både arbeidsledige og arbeidstakarar, og at vi møter opp på denne dagen og gjer oss kjend med desse bedriftene og viser at vi er interesserte. Kom og vis at vi vil ha dei her, og at vi vil ta vare på dei – og ikkje minst at vise at vi er kraftmenneske, som likar å arbeide – gjerne for dei.

I denne anledning har eg avslutningsvis lyst å sitere Max Manus:

”Om alt ser svart ut, ikke gi opp! Gå på, stå på – du er ung og har livet. Det er ikke alle – selv ikke i dag – som har muligheter til en akademisk utdannelse. Men samfunnet har bruk for oss alle.

Min livslange erfaring er at du må jobbe. Under enhver omstendighet må du først og fremst arbeide. Om du ikke klarer å få noe annet enn en såkalt ”drittjobb”, så ta den! Rett rundt hjørnet venter kanskje en bedre. Skulle jeg gi ungdommen et råd, er det: Gi deg ikke! Du har noe som ikke kan kjøpes for penger: Du er ung! Du har livet. Stå i mot om du blir motløs. Like rundt hjørnet venter en ny sjanse.

… Så, kjære ungdom: Gi aldri opp – gå på, gjør noe!”


Max Manus gjekk ikkje meir enn 5 år på folkeskulen. Sjølv om han aldri vart boklærd, viser historia hans at skule og utdanning ikkje gjerne er utslagsgjevande. Han danna seg eit A/S både i Noreg og Danmark. Ver kreativ og vis mot, tru på din eigen idè! Framtida ligg i dine eigne hender.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Februar: Fundokonkurs 1 år... Mars: Nye moglegheiter!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt