Kom mai, du skjønne milde...
Det tok lang til før mai kom i år. Vi har ikkje fått så mykje som ein liten forsmak på mai ein gong. Men så kom ho.
"Sei meg, i all verda" - det var reaksjonen min ein tidleg morgon seint i april, eg med morgontrøytte auge blunka til ein ny vårdag - trudde eg. Dei nakne føttene mine hadde allereie sensa at noko var gale, då dei ramla forsiktig ut av senga og ned på det iskalde golvet. Nasa mi lukta kulde og rått vær. Nakken min knirka motvillig av stivhet. Det kunne ikkje vere sant, men auga mine kunne ikkje anna enn å bekrefte det alle dei andre sansane mine hadde ressonert seg fram til: det snør! Og ikkje så reint lite.
Det kan mildt sagt seiast at motivasjonen til å byrje ein ny dag denne morgonen var på bånn. Eg drog meg på jobb, gjennomførte dagen med 16 i stil og gjekk heim og la meg igjen. Livet var så visst ikkje heilt perfekt. Heldigvis kan denne dagen seiast å vere unnataket, og ikkje regelen.
Men så kom ho, fager, varm, som ein vind med lovnad om betre tider. Kom mai, du skjønne milde og songen susa i hovudet mitt som ein lett champagnebris.
Mai er perfekt på mange måtar. For det første startar månaden alltid med offisiell fridag! (Det er berre januar som kan skilte med same fordel, men har desto fleire ulemper etter mitt rekneskap)
For det andre er månaden ei einaste lang strofe med raudt, kvitt og blått – mine yndlingsfargar. Og ikkje minst feirar vi dette fagre landet sitt sjølvstende. Og når vi feirar landet vårt, ja, då viser ho seg frå si finaste side. Nyknept grønfarge, algeblå sjø, kvite breear og nasjonalsongar ljomande berg i mellom. Klisjeen er ikkje til å unngå – men så likar eg slikt i ny og ne.
Eg var så heldig å få vere med på Esefjorden rundt på 1. mai i Balestrand i år. Ikkje visste eg heilt kva eg gjekk til. I alle høve; eg kom, eg sprang og eg gjekk der ifrå. Heile eskapaden enda med at eg kom på nest siste plass – jepp, det vart enda på visa, hardt og brutalt.
Nokre seier det er ein seier i seg sjølv berre det å delta. At det handlar ikkje om å vinne. Det er eg – for å vere politisk korrekt – fullstendig samd i. Diverre må dette ordtaket nyanserast i mitt tilfelle. Ja, det er ein siger å delta, og nei, det handlar ikkje om å bli førstemann over streken. Men det handlar for min del også om det å ikkje komme sist, eller nest sist, eller nest nest sist.
Eg orsakar, men plassering har noko å seie. 1. mai i år vart likevel ikkje så dyster som ein skulle tru etter kva eg skriv. For det var kjekt å komme til Balestrand og få vere med på ei litt annleis feiring av 1. mai. Arbeidarpatriotane riv seg nok i håret, men Jens Stoltenberg og eg er framleis vener på Facebook. Difor trur eg det går bra. Takk for eit flott arrangert Esefjorden rundt 2010. Eg håpar eg kjem att neste år og at tida vert noko betre for min del. I den anledning kan eg ikkje anna enn å invitere alle balestrendingane attende til Høyanger og Gøyanger 12. juni 2010. Vi utfordrar dykk i Trappeløp og Årsethtråkket!
Snart er 17.mai i gata, og eg skal til Tigerstaden for å feire dagen. Måtte alle få ei fin feiring, ete alt for mykje is, pølser og brus. Kom dykk ut i vårsola!
(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)






Kommentarer på artikkelen “Kom mai, du skjønne milde...”
Per Johannes Sørfonden sier:
Sørfonden! Vi er jo ikke så mange av oss, så hvem er du familie av? Selv kommer jeg fra Bergen. er nok en god del eldre enn deg. (54) Gift, har en sønn og bor i Kristiansand. Inspektør i u.skolen.
Koselig å se navnet - og en sosial profilert dame!
Ina Therese Sørfonden sier:
Hei og takk for at du les bloggen min!
Etter å ha konferert med min farfar, Ragnar Sørfonden, er eg ganske sikker på at vi er frå same slekt. Er datter av Bjørn Sørfonden, som er son til Ragnar Sørfonden. Resten av slekta mi bur henhaldsvis på Leikangr i Sogn og i Oslo.
Kjekt å høyre frå slekta ellers. Kanskje vi ein gong kan ha gleden av å møtast på eit slektstemne eller liknande :-)
Ha det godt.
Skriv din kommentar