Sivilstatus: Motivert student

Ina Therese Sørfonden

Skrive av Ina Therese Sørfonden - (25.10.2010)

23 år, fødd og oppvaksen i Bergen, men med mange barndoms- og ungdomsår på Høyanger sørside, Ikjefjord. Held på med master i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Har byrja på 4 året etter eit permisjonsår frå studiet då eg arbeidde som rådgjevar ved NAV Høyanger. Er elles glad i å trene, lære nye ting og nye folk å kjenne. Er ikkje fullt så glad i husvasken.

Framtidsfylket er ein viktig faktor for at eg framleis har augene retta mot fylket som framtidig arbeidsplass, for det er viktig å bli minna på kva fylket har å by på.

Hei hopp! No er det lenge sidan det har vore ei oppdatering frå meg på bloggen. Det har vore ein travel haust med det som for meg kjennes som fullstendig endring av livssituasjon. Eg har flytta til Bergen, slutta i fulltidsjobben som rådgjevar ved NAV Høyanger og byrja attende som jusstudent ved det juridiske fakultet i Bergen.

Eg har teke til på 4. året av studia og har no faga Strafferett og Straffeprosess fram til over nyttår. Det er utruleg spanande, og det er ein fryd å gå på skulen kvar dag og lære meir om rettssystemet vårt. Nokre vil gjerne tenke at å omtale det som ”ein fryd”  er å ta for hardt i, men det er nettopp det det er.

For eitt år sidan kunne eg omtrent ikkje sjå ei lærebok utan å få vondt i magen. Eg var lei av å lese, lei av å lære frå teori og lunkne forelesarar og å ha halvinteresserte eldre studentar som rettleiarar. Så eg vart rådgjevar i NAV for eitt år. I eitt år har eg ikkje sett på ei lærebok og eg har fullstendig unngått skule, skuleprat og alt som kan relaterast til skulegang. Og det har gjort sin nytte. I dag er eg 100% motivert og interessert. Og eg er sjeleglad over å konstatere at eg ikkje var lei jussen, men rett og slett lei av å lese. Eg trengde ein time out, fekk den, og er no tilbake for full fres.

Mi erfaring etter dette året viser at det er lov å bli lei av det ein held på med dag inn og dag ut, år etter år. Variasjon er noko som er viktig for å halde motivasjon oppe. Det er menneskeleg å bli lei av det ein er van med. Og av og til treng ein rett og slett ein time out. Kanskje treng ein berre å bli plassert ein annan stad i kontorlandskapet, ta nokre små valfag på fritida for å auke kompetanse innanfor interesseområde.

Kanskje er tre månadar i Nepal det som skal til. Eller ein weekend-tur til London, om ein ikkje ynskjer det ekstreme. Det er opp til ein sjølv å finne ut kva som trengs. Det viktige er å erkjenne at vi alle kan trenge eit avbrekk frå den same gamle kvardagen av og til.

Gjer det. Ikkje berre for deg sjølv, men dei rundt det også. For motiverte og interesserte folk er igjen med på å motivere kollegaer, medstudentar, sambuarar og vener. Dagane vert kjekkare for deg, og då vert det med eitt kjekkare å vere rundt deg. Så ta steget til sides, og sjå nett på deg sjølv ein augneblink. Har du det bra? Er du motivert? Trivst du med det du gjer? Eg trur vi alle kan ha godt av å gjere det i ny og ne. Dersom ein skulle ta seg sjølv i å erkjenne at ”nei, eg er ikkje motivert – ikkje i det heile teke, faktisk”, ja, så er det kanskje på tide å gjere noko med det.

Det treng som sagt ikkje vere dei store justeringane som må til. Ofte er det nok berre å erkjenne at ein ikkje er motivert, for så å bestemme seg sjølv for å endre innstilling. Sei til deg sjølv: eg er eit positivt menneske, eg skal gjere det beste ut av ting, eg kan og eg vil.

Ja, eg høyrest gjerne ut som eg er nyfrelst, eg er såre klare over det. Men eg har det bra og det er det som betyr noko, ikkje sant? Eg har eitt og eit halvt år igjen av studia mine før eg er ferdig utdanna jurist. Og ver du sikker, eg ser på Sogn og Fjordane som eit framtidsfylke. Det set krav til meg og det seg krav til fylket. Eg må vere villig til å sjå på moglegheitene og fylket må jobbe for å hjelpe meg å sjå moglegheitene. Arbeidsgjevarar må vere villige til å innsjå at ein treng variasjon i kvardagen og vere opne for vidareutdanning og legge til rette for dette. Eg igjen må vere flink til å stille krav om dette.

Framtidsfylket er ein viktig faktor for at eg framleis har augene retta mot fylket som framtidig arbeidsplass, for det er viktig å bli minna på kva fylket har å by på. Stadig poppar det opp på Facebook ”ledig stilling”, og kvar gong må eg nett innom for å sjekke om det kunne vere noko relevant for meg. Eg gjer det sjølv om eg ikkje er ferdig utdanna og klar for arbeidsmarknaden enno, nettopp for å halde meg orientert om kva arbeidsgjevarar som er i fylket og kva dei kan tilby. Eg oppfordrar alle andre til å gjere det same!

Enn så lenge er eg i Bergen. Det snør, eg har halsbetennesle og må sitte på legevakta i fleire timar for å få penicillin. Det er ikkje som heime, der ein kan ringe ned og få time på minuttet. MEN, for dei som har fulgt bloggen min: Ja, det er herleg å kunne gå å kjøpe sushi rett rundt hjørnet igjen!

Hej så lenge!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Sivilstatus: Motivert student”

tanta sier:

Hei Ina. So ha eg vore inne å lese bloggen din.Det var motiverande og tankevekkjande lesestoff. Du er ei smart dame, Ina. Stå på og lykke til vidare med utdanning og heile livet.

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt