Jorunn Seim
Gründerlunsj
Eg innrømmer det så gjerne. Eg har gått rundt og vore litt misunneleg på det aktive gründermiljøet i Sogndal. Men i det siste har det vore små lyspunkt i Førde òg – blant anna tilbod om gründerlunsj! – Les vidare… (skriven 07.12.2011)
Kontorsommar
No er det den tida igjen: Lærarvener nyttar eitkvart høve til å fortelje meg at dei har to månader sommarferie, og offentlege kontor innfører sommartid for dei tilsette. Men kva med stakkars meg, då? – Les vidare… (skriven 27.06.2011)
Ein omsetjars kvardag
I eit tidlegare blogginnlegg har eg vore inne på at ein omsetjars kvardag ville vore dårleg fjernsyn. Men korleis er eigentleg ein typisk dag for ein omsetjar i Førde? Lat meg invitere dykk med på kontoret mitt måndag 2. mai 2011. – Les vidare… (skriven 04.05.2011)
Kulinariske utfordringar i integreringsprosessen
Kva skal til for å bli ein ekte vestlending? Marco og eg trudde vi begynte å få taket på det, men så oppdaga vi noko vi hadde gløymt ... – Les vidare… (skriven 05.04.2011)
Dei usynlege
Sogn og Fjordane dukkar stadig opp på skjermen for tida: Framtidsfylket lagar film med døme på alt det spennande ein kan arbeide med her i fylket, og NRK skal vise spektakulære opptak av ekstremsport ved Sognefjorden. Men ein reality-serie frå eit omsetjarkontor i Førde ville truleg vore dårleg fjernsyn. – Les vidare… (skriven 04.03.2011)
Stadig nye utfordringar
Etter at eg flytte ut i distrikta, tek eg meg stadig i å gjere ting eg aldri hadde tenkt eg skulle gjere. Denne veka er ikkje noko unntak. – Les vidare… (skriven 31.01.2011)
Vår første jul i Sunnfjord. Eller: "Det gjekk jo bra, jo. Så rart!"
For ganske nøyaktig to år sidan gjekk eg rundt og var redd for at vi hadde teke oss vatn over hovudet. Vi venta nemleg storinnrykk til jul. – Les vidare… (skriven 22.12.2010)
Førde før og Førde no
Eg hadde ikkje vore i Førde før eg flytte hit for drygt to år sidan. Eg kan derfor ikkje uttale meg om korleis det var før, men mange fortel meg at Førde har endra seg veldig i seinare år. Og då er det jo klart eg blir nysgjerrig på kva eg har gått glipp av ... – Les vidare… (skriven 22.11.2010)
Frå Milano til Førde: eit godt byte eller ei kjelde til heimlengsel?
Dei fleste kan nok tenkje seg at overgangen frå millionbyen Milano til ikkje-fullt-så-urbane Førde er stor. Men kva tykkjer eigentleg ein som er fødd og oppvaksen i Milano, om sitt nye tilvere som førdianar in spe? – Les vidare… (skriven 19.10.2010)
Ein veit aldri kva framtida vil bringe
Nyleg var eg på jubileum saman med gamle medstudentar. Sjølv om det var mange år sidan sist vi såg kvarandre, kjendest det som om det var i går. Likevel kunne vi konstatere at mykje hadde skjedd. Og ikkje alt var planlagt. – Les vidare… (skriven 24.09.2010)
Ny i Førde?
Når sommaren er over og haustsesongen begynner, er det mange som flyttar på seg – til dømes for å studere eller å begynne i ny jobb. Statistisk sett hamnar òg nokon i Førde. Er du ein av dei? – Les vidare… (skriven 18.08.2010)
Førstereisgut på festivalskuta
Eit av sommarens store høgdepunkt for oss som bur i Førde, er Førde internasjonale folkemusikkfestival. Etter to år som publikummar gjorde eg denne gongen alvor av å melde meg til å jobbe som frivillig. – Les vidare… (skriven 15.07.2010)
Historia om kontorrotta som flytte til Førde og blei arbeidsmaur
Det er heldigvis travle dagar i den vesle verksemda mi, men med lange, lyse kveldar burde det likevel vere mogeleg å nyte det fine sommarvêret vi hatt hittil i juni. Trudde eg. – Les vidare… (skriven 14.06.2010)
Ein veit aldri kva som kan komme til nytte
Ei av mine største utfordringar ved å bu i Sogn og Fjordane er transport. I mitt tidlegare urbane liv klarte eg meg aldeles utmerka til fots, med sykkel og ved hjelp av kollektivtrafikk. Men eg innser at for å kunne bu i heimfylket må eg utvide reiserepertoaret mitt. – Les vidare… (skriven 10.05.2010)
Den etterlengta heimkomsten – eller?
30 år etter at eg forlèt Sogn og Fjordane som 6-åring, var eg tilbake ved utgangspunktet. Var det lengselen etter fjord og fjell som tok overhand? Var det ein livslang draum som gjekk i oppfylling? Det heile var nok litt meir tilfeldig ... – Les vidare… (skriven 18.03.2010)