Den etterlengta heimkomsten – eller?

Jorunn Seim

Skrive av Jorunn Seim - (18.03.2010)

Jorunn Seim er opphavleg frå Årdal. Ho er utdanna omsetjar og har rundt 15 års erfaring som omsetjar, teknisk forfattar og prosjektleiar. Sidan 2009 har ho drive Språkbruket i Førde.

30 år etter at eg forlèt Sogn og Fjordane som 6-åring, var eg tilbake ved utgangspunktet. Var det lengselen etter fjord og fjell som tok overhand? Var det ein livslang draum som gjekk i oppfylling? Det heile var nok litt meir tilfeldig ...

Årsaka til at eg hamna i heimfylket igjen, må vi til Italia for å finne. Mannen min kjem nemleg derfrå, og han har alltid hatt lyst til å busette seg i Noreg. I 2007 fekk han napp på jobbsøknaden han hadde sendt til Airlift i Bygstad: Dei kunne godt tenkje seg ein italiensk flyingeniør, og han hadde lyst til å arbeide for dei. Dermed var vi eitt steg nærare målet om eit felles tilvere i Noreg. Og plutseleg budde vi i Førde.

Men vi var enno ikkje i mål. Eg trong jo òg noko å gjere, og i Sogn og Fjordane var det ikkje noko skrikande behov for ein person med hovudfag i translatologi og lang erfaring som omsetjar, språkvaskar og teknisk forfattar. Den tidlegare arbeidsgivaren min i Oslo løyste problemet mellombels ved å gi meg lov til å arbeide frå heimekontor, men ei slik løysing kunne jo ikkje vare evig.

Så kva var alternativa mine? Eg kunne sjølvsagt søkje på andre jobbar eller omskolere meg. Har ein lyst til å arbeide, finn ein alltids noko å gjere. Men det hadde jo vore kjekt å få brukt utdanninga si og arbeide med noko ein verkeleg brenn for ...

Kunne det tenkast at det var behov for kompetansen min i Sogn og Fjordane? Kvaliteten på delar av det skriftlege materiellet som blir produsert i fylket, kunne tyde på det. Men ein ting er at eg oppfattar det slik, utfordringa er å overtyde bedrifter i fylket om at det kan lønne seg å bruke ressursar på profesjonell språkhjelp. Ville dei bli glade for å få tilbod om tenestene mine, eller ville eg ende opp som ein som prøver å lære gamle hundar å gøy – og berre endar opp med skeptisk knurring? Det var berre éin måte å få svar på det spørsmålet på, og snart var den vesle bedrifta "Språkbruket" ein realitet.

No har eg vore sjølvstendig næringsdrivande i snart eit halvt år. Korleis har det gått så langt? Det er krevjande å stå på eigne bein, men eg har òg fått mykje hjelp undervegs.

Eg vil særleg trekkje fram Alkymisten-kurset til Innovasjon Norge. Her lærte eg mykje om å drive eiga verksemd, og ikkje minst var det inspirerande å bli kjend med andre gründerar. Først og fremst er eg glad for at eg torde å ta spranget. Det er tilfredsstillande å skape noko sjølv, og eg slepp å bruke resten av livet på å lure på kva som ville skjedd dersom eg hadde vore litt modigare.

Og korleis er eg blitt motteken av mine potensielle kundar? Klarer eg å overtyde næringslivet i Sogn og Fjordane om at dei har noko å vinne på å presentere seg i profesjonell språkleg innpakning? Det er utan tvil eit langt lerret å bleikje, og eg er heldig som allereie har eit nettverk av kundar i andre delar av landet. Elles kunne eg ikkje leve av dette slik situasjonen er i dag. Men eg arbeider målretta og gler meg over kvart eit lite lyspunkt.

Og livet elles? Slett ikkje så gale! Det er interessant å oppdage heimfylket på nytt – ein ser ting på ein annan måte som vaksen enn som barn – og ikkje minst er det spennande å vere vitne til korleis mannen min oppfattar sine nye omgivnader.

For ein som er fødd og oppvaksen i Milano, er det mykje som vekkjer både undring og begeistring, til dømes torvtak, ungar som leikar ute uansett vêr, pølsekiosken på ferja, postkassar med trollmotiv, julebord med pardans, salt lakris og "rushtrafikken" i Førde sentrum. Vi gjer stadig nye oppdagingar, og eg skal halde dykk oppdatert om utviklinga!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Den etterlengta heimkomsten – eller?”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt