Historia om kontorrotta som flytte til Førde og blei arbeidsmaur
Det er heldigvis travle dagar i den vesle verksemda mi, men med lange, lyse kveldar burde det likevel vere mogeleg å nyte det fine sommarvêret vi hatt hittil i juni. Trudde eg.
I vinter tok Marco og eg ei avgjerd som skulle forandre somrane våre for alltid: Vi kjøpte oss hus. Med hage. Det har gitt oss mykje å gjere og mykje å lære.
Vi treng berre ta ein titt på naboane våre for å forstå at huseigarar i Førde ikkje ligg på latsida. Eg har berre kjent desse eksemplara av arten nokre få månader, men har allereie registrert følgjande:
1. Dei er utruleg flittige. Dei putlar alltid med noko: snikrar, målar, grev, plantar osb. Og dersom dei ein sjeldan gong sit i ro, er eg temmeleg sikker på at dei driv og klekkjer ut nye ting å putle med.
2. Dei kan imponerande mykje. Uansett kva vi novisene spør om, har dei svaret.
3. Dei har enorme mengder verktøy og reiskapar. Sjølv kom eg til Førde utstyrt med ei gullande rein verktøykasse med eit par unbrakonøklar oppi, så det seier seg sjølv at læringskurva har vore bratt.
Marco er meir praktisk av seg, men som italienarar flest har han inga erfaring med vedlikehald av trehus. Og då er det godt å ha nevenyttige kollegaer å spørje om råd: Heime hos oss er det ikkje mange avgjerder som blir tekne utan at Bjarte og Arild har fått høve til å uttale seg. Pluss dei flittige og hjelpsame naboane, sjølvsagt.
Sidan byrjinga av juni har vi brukt praktisk talt all fritida vår til å måle hus. Så mens du kanskje har kost deg i sola, har eg arbeidd i skuggen iført ufikse og stadig meir målingsflekkete klede. Eg har plutseleg eit forhold til ting som kraftvask og heftgrunn, og eg har aldri tidlegare følgt så nøye med på vêrmeldinga. Det er nesten så eg kjenner meg litt vaksen.
Parallelt med dette prøver vi å utvikle grøne fingrar. Vi har nemleg òg nokre kvadratmeter med hage. For ikkje å gape over for mykje på éin gong, har vi begynt litt forsiktig – litt salat, nokre jordbærplanter, ei (!) tomatplante, litt urter og nokre blomar – og vi ventar spent på årets avling. Går det bra, blir ambisjonane garantert større til neste år!
Vi har med andre ord nok å hengje fingrane i. Vi er i nærast konstant aktivitet, og puselankane er i ferd med å utvikle seg til arbeidsnevar. Likevel innser eg at eg neppe kjem til å bli ein like flittig maur som naboane våre. I staden drøymer eg om å gjere som kattane deira: finne meg ein plass i sola, strekkje meg ut og berre nyte livet. Eg skal berre måle litt til først ...






Kommentarer på artikkelen “Historia om kontorrotta som flytte til Førde og blei arbeidsmaur”
Skriv din kommentar