Ny i Førde?

Jorunn Seim

Skrive av Jorunn Seim - (18.08.2010)

Jorunn Seim er opphavleg frå Årdal. Ho er utdanna omsetjar og har rundt 15 års erfaring som omsetjar, teknisk forfattar og prosjektleiar. Sidan 2009 har ho drive Språkbruket i Førde.

Når sommaren er over og haustsesongen begynner, er det mange som flyttar på seg – til dømes for å studere eller å begynne i ny jobb. Statistisk sett hamnar òg nokon i Førde. Er du ein av dei?

Ny i Førde?

Førde var kanskje ikkje førstevalet ditt? Kanskje kjenner du ingen her? Kanskje regnar det? Uansett kva utgangspunkt du har, er det ein ting som ikkje nyttar: sitje aleine og sjå negativt på tilveret.

Eg snakkar av erfaring, for eg har flytt mange gonger, og eg hadde slett ikkje det beste utgangspunktet då eg kom til Førde: Verken eg eller mannen min, Marco, kjende nokon då vi flytte hit. Vi kom til Førde fordi Marco hadde fått jobb her. Kollegaene mine var i Oslo, og sjølv sat eg aleine på heimekontor. Og når ein sit heile dagen aleine og knottar på ein PC, blir ein ikkje kjend med spesielt mange. Men du verden kor rastlaus ein blir!

Så kva kunne eg gjere? Eg kunne jo vente på at sunnfjordingane tok initiativet til å bli kjende med meg, men eg innsåg fort at då risikerte eg å måtte vente lenge. Eg valde i staden å bli med på organiserte aktivitetar av ymse slag, og som ei lita teneste til deg som er ny her, har eg laga ei lita liste over aktivitetar som eg personleg har kvalitetssikra:

1. Ein ting dei fleste er samde om, er at det er fantastisk natur og framifrå turmulegheiter rundt Førde. Og dei er det heilt gratis å utforske. Men om du slit med til dømes tiltaksløyse eller manglande retningssans, gir medlemskap i Den Norske Turistforening deg høve til å bli med Indre Sunnfjord Turlag på deira mange utflukter.

2. Noko av det mest effektive ein kan gjere for å komme i kontakt med folk, er å melde seg inn i kor eller korps. Sidan songstemma mi er noko skral, valde eg i staden å børste støvet av ein klarinett som hadde ligge urørt lenge. Har du lyst til å spele, er du alltid velkommen hos dei glade musikantane i Førde Ungdomskorps.

3. Små kontorrotter som sit i ro heile dagen, har godt av fysisk fostring. Eg har hatt stor glede av treningssenteret Spenst og det varierte tilbodet deira. No er det ikkje slik at du nødvendigvis blir kjend med folk gjennom å trene ved sidan av dei, men det hjelp uansett på humøret og helsa å røre litt på seg.

4. Innimellom har ein godt av å gjere ting ein ikkje kan. Ein ting eg definitivt ikkje kunne, men som eg var nysgjerrig på, var magedans. Eg troppa derfor opp på nybegynnarkurs hos Happy Hips. Og der er det lov til å kløne så mykje du berre vil! Den gode nyheita er at også kløning er god styrketrening, og at du kan gjere det til akkompagnement av fengande arabisk musikk.

5. Dersom du er interessert i å lære noko nytt, bør du òg sjekke kurstilbodet hos Folkeuniversitetet i Sunnfjord. Her finn du alt frå studiar på universitetsnivå til språkkurs for deg som har lyst til å seie "Kan du vise meg vegen til togstasjonen?" eller "Eit glas kvitvin, takk!" på språket dei innfødde snakkar, når du er på ferie.

Det finst sjølvsagt mykje meir å velje mellom. Dette var berre det vesle utvalet eg har rokke å teste ut i løpet av to år. Kanskje nokon har lyst til å bruke kommentarfeltet nedanfor til å tipse om andre ting ein kan vere med på i Førde?

Og kva får ein så igjen for å kaste seg ut i aktivitetar? Mi erfaring er at du trivst uendeleg mykje betre dersom du sjølv gjer ein innsats for å trivast. Lukke til!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ny i Førde?”

Anne van Oorschot sier:

Veldig bra innlegg Jorunn. Kjekt at du deler dine erfaringer med andre!

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt