Derfor flytta eg til Sogn og Fjordane
Eg har nett kome heim frå den fyrste rekrutteringsmessa som Framtidsfylket har arrangert. Messa tok plass i min ”gamle” by, Oslo. Det er ingenting som Oslo og det kjem det nok aldri til å bli heller, men med ein gong eg trappa ut av Oslo S, kom eg på ein av grunnane til at eg flytta derifrå: Vinter.
Vinter i Oslo er aldri noko kjekt. Svart snø og stort sett slaps, venting på bussen som aldri synes å kome når det er som kaldast og når den kjem, så overfylt av folk, barnevogner, sekkar, hundar og anna som lagar støy og luktar vått. Eg har aldri vore noko overbevisande vinterentusiast, men eg synes det er greitt, så lenge eg har det varmt innomhus. Eg går på ski no og då og synes det beste med vinteren er å fyre med ved (bortsett frå å bære den inn, noko som må gjerast heile tida med mitt tempo på vedfyringa).
Det må innrømmast likevel... Eg hadde ein tur til Florø i samband med presentasjon av Næringsbarometeret og det å køyre i strålande solskin og fine vegar gjennom fleirfaldige mil, gjorde at eg eit augeblikk tenkte at vinteren ikkje var so verst likevel. Så er det ikkje til å kome vekk i frå at eg no med stor livsglede ser at lyset kjem stadig tidlegare fram over fjella når eg køyrer frå Nordfjord til Sogn om måndagsmorgonane.
Eg skal innrømme og at det har vore nokre morgonar i vinter då eg har lurt på kva eg gjer opp klokka kvart på seks for å køyre til jobb ein heilt annan stad, men dette forsvinn i grunn kjapt når eg ser rundkøyringa på Skei (i Jølster). Det har gått veldig bra å køyrd i vinter, noko som eg grudde meg litt til før jul. Så er ikkje vinteren over ennå, men det nærmar seg med stormskritt. Om fire små veker skriv vi mars!
Men tilbake til rekrutteringsmessa. Det skal vere to til, trønderhovudstaden neste veke og deretter til Bergen. Det er i grunn kjekt å vere med på desse messene, noko av det eg trivst best med er å treffe folk og prate med dei og at eg då får reklamere for distriktet er moro. Så var det artig at det var fleire studentar som hadde oppdaga det same som meg, at næringslivet og typen av arbeidsplassar i Sogn og Fjordane var utruleg breitt. Det gjev mange moglegheiter for den som ynskjer å flytte hit og gjev og valmoglegheiter, noko ein kan hende ikkje trudde var mogeleg så langt i frå den store staden. Eg ramla innom ei slik messe sjølv for nokre år sidan, nokon som førte til at eg sit på Fylkeshuset i dag, så ein veit aldri.
Lenkjer:
- Næringsbarometeret 2010
- Framtidsfylket Karrieremesser 2010
- Foto frå karriemessa i Oslo finn du her, og på firda.no og sognavis.no
(Illustrasjonsfoto: Vinter på Langeland: Arild Nybø, mediebruket.no)






Kommentarer på artikkelen “Derfor flytta eg til Sogn og Fjordane”
Ina C.F. Kopperud sier:
hei :)
jeg og min venninne Rikke Kalsveen skriver bacheloroppgave om tilflytting til Nordfjord. i denne sammenheng lurer vi på om du kunne tenke deg å svare på noen spørsmål vi har?
På forhånd, takk
Skriv din kommentar