Ei oskesky får fram det verste

Karoline Aldis Bjerkeset

Skrive av Karoline Aldis Bjerkeset - (13.05.2010)

31 år, opprinnelig frå Kleive i Molde kommune. Utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo sommar 2006 med vekt på offentleg forvalting. Har og mellomfag i sosiologi og grunnfag i tysk. Vore aktiv ungdomspolitikar i Senterungdommen og Senterpartiet sin Hovudorganisasjon i Oslo og arbeidd som politisk rådgjevar på næring i Senterpartiet si stortingsgruppe. Flytta til Sandane i Gloppen kommune i november 2008 grunna sambuar.

Eg kikkar nedover bloggsida på framtidsfylket.no og ser at mange er innom temaet vår, ver og snø. Eg såg og på min eigen førre gong og såg at eg var rett så optimistisk og skreiv i veg om fuglekvitter og sol. Hadde eg visst det eg no veit hadde eg teia klokeleg stilt…

Ei oskesky får fram det verste

Mogleg at det var mi ukuelege tru på at det no var vår som gjorde at veret bestemte seg for å vere litt ekstra vanskeleg. Uansett: I dag var første gongen med sommardekk og NO må det vel vere slutt!

Litt på tampen av dagen rett før ei langhelg, så kan ein vere noko ukonsentrert. Hadde som mål å rydde pulten litt, men den ser framleis ut som om nokon har slept ei papirbombe rett ned. Det meste er ulike papir som omhandlar landbruk; jordbruksavtale, jordbruksoppgjer, diverse avisinnlegg frå partar som har vidt forskjellige synspunkt på livet, jordbruk og tilværelsen elles sidan det er noko av arbeidsoppgåvene mine her på Næringsavdelinga.

Året som trainee går snart mot slutten, det har gått utruleg fort. Så er det som kjekt at eit av måla med traineeperioden ser ut til å gå i oppfylling; eg har fått forlenga engasjement hos Fylkeskommunen. Det er no i alle fall eit godt teikn. Så skal det seiast at eg fortsatt er noko famlande kvar gong eg skal bruke saksbehandlingssystemet og at eg føler eg forårsakar uro og hektisk aktivitet hos konsulentane når eg skal levere papir til utvalsmøta som skal til trykk. På eit tidspunkt vil det kome den dagen, da eg og kan gjere dette utan å vere småklam i hendene for at noko nok ein gong skal gå gale eller renne ned dørene til alle andre med spørsmål eg har spurt før. Men det ser ut til at det er ei lita stund dit enno…

Gje meg ei utgreiing, eit oppdrag eller kva som helst og eg skal gå på! Men du ser at eg flakkar i blikket når E-SAK vert nemnd.. 

Det har vore ein relativt hektisk periode på jobb som dei siste vekene, men som no avsluttas med langhelg. Det er aller kjekkast når det er mange ting som skal gjerast på ein gong, følelsen av å vere svidd i hovudet når ein går heim er god til tider. Fristar er omtrent overhelde, politikarane har fått papira sine, møter er unnagjort og det som ligg framom meg no er nokre dagar heilt i ro. Bortsett frå at eg antageleg må stå opp klokka fem i morgon tidleg på ein himmelsprett for å rydde og vaske huset før mor mi kjem på besøk. Ho seier sjølvsagt at eg ikkje skal lage meg noko styr, men eg er opplært frå den same omtala mora, at kjem det folk på besøk så skal ting vere ordentleg. 

Eg har vore i Brussel sidan sist som ein del av traineeopplegget til Framtidsfylket. Det var som ein ville sagt på Sandane ”ein heise t tur” (eller noko slikt) – i betydinga at det var ein kjekk tur med triveleg selskap og godt fagleg innhald. Det er interessant å kunne sjå kva slags betyding arbeidet i Brussel kan ha for fylket sine interesser og lære meir om dette. Og å vere brusselbyråkrat må vere draumejobben til ein skarve liten byråkrattrainee i fylkeskommunen. Men det var det eg tenkte fram til SKYA dukka opp. Den kom som lyn frå klår himmel ( i alle fall i mitt hovud) og så vart det svart. Meir eller mindre.  

Eg vart ein av dei mange oskefaste eller oskeofra, alt etter som, som vart råka av fly som plutseleg ikkje gjekk. Det vart litt endring i planane og plutseleg og eg satt i lobbyen og prøvde å koordinere møter eg ikkje visste om vart noko av om oska ikkje la seg.

Så var det opp til ti traineear å finne ut korleis ein skulle kome seg heim, noko som er ei utfordring når ein har ulike timeplanar, ulik trong for å MÅ vere på jobb måndag og ulike arbeidsoppgåver. Dei ekstra døgna i Brussel var verkeleg noko ein lærte samhandling og samarbeid av!

Det vart ein lang tur heim, men i grunn så var den utruleg artig og kjekk når vi berre fekk bestemt oss for korleis vi skulle heim. Det er i grunn i slike situasjonar at meir eller mindre heldige sider kjem fram. Meir som litt realityserie berre utan kamera.  At eg på båten heim fer overrekt ei røykpakke frå mine kjekke medtraineear med alternativ tekst på pakka som seier : ”Smoking makes you happy” eller ”When grumpy, please smoke” (nesten ordrett), gjer at eg plutseleg får ein mistanke om at eg har vist nokre sider ved meg sjølv som kan hende ikkje er dei mest lystelege. Det gjorde ikkje saka betre at mannen min heldt på å le seg i hel når han såg dette etter at eg kom heim – hmpf! 

Men oskeskya gjorde i alle fall at eg ikkje kjem til å gløyme turen så lett og no når ein har fått det heile litt på avstand, så var det i grunn ganske artig! Tog i 14 timar i strekk gjer at ein flirar av dei mest traurige ting. Topp heile greia med ein god middag på Kiel-ferga i godt lag og ekte globetrottaropplevingar som fugledansen med eit desillusjonert husband, så vert det bra!

Ha ein retteleg fin vår!



(Foto: http://www.flickr.com/photos/eventhestarsdie/ / CC BY-NC-ND 2.0)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ei oskesky får fram det verste”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt