Travelt og lærerikt!

Karoline Bjerkeset

Skrive av Karoline Bjerkeset - (03.12.2009)

31 år, opprinnelig frå Kleive i Molde kommune. Utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo sommar 2006 med vekt på offentleg forvalting. Har og mellomfag i sosiologi og grunnfag i tysk. Vore aktiv ungdomspolitikar i Senterungdommen og Senterpartiet sin Hovudorganisasjon i Oslo og arbeidd som politisk rådgjevar på næring i Senterpartiet si stortingsgruppe. Flytta til Sandane i Gloppen kommune i november 2008 grunna sambuar.

Den andre traineesamlinga i rekkja er no over og ein kvar av oss har fått eit par dagar på å fordøye inntrykka på. Det trengs!

Som ein viktig del av det å vere trainee, skal vi bli kjende med næringslivet og viktige aktørar i fylket. Samlinga som fann stad i Sogndals-området i førre veke hadde sterkt fokus på det. På slutten av fredag og tredje og siste dag, hadde eg i grunn kome ut av antal bedriftsbesøk og i alle fall ut av antal kaffikoppar som var fortærte. Men det som sat igjen, var ei endå sterkare overbevising og kunnskap om kor mangfaldig og interessant fylket vårt er som bu- og arbeidsplass.

Spennet i arbeidsplassar er lokalisert berre i Sogndals-området er stort. Frå høgkompetanse arbeidsplassar hos Fylkesmannen og Fylkeskommunen på Hermansverk via forsking i Sogndal (Vestlandsforsking) og til ”saftkokaradn” (Lerum) på Kaupanger. Og at det finnes forlagsverksemd på Leikanger (Skald Forlag) som er prisbelønna var nytt for underteikna! På bedriftene vi så langt i traineeperioden har besøkt, kan eg ramse opp eit tosifra antall utdanningar som kunne passa inn.

Det er og utruleg positivt at vi vert godt mottekne overalt. Det ser ut til at traineeordninga, etter å ha eksistert nokre år, er godt kjent og at den vert sett på som svært positiv både for bedriftene, men ikkje minst for traineeane sjølve. Det avgjerande er sjølvsagt at bedriftene i fylket ser at dei har nytte av ei slik ordning og at dette fungerar slik det er tenkt. Om traineeane sjølve ikkje gjer jobben med å syne at vi er viktige for arbeidsplassen, bedrifta og fylket, vil ikkje traineeordninga ha noko funksjon.

Så må sjølvsagt bedriftene stille opp, både med traineeplass, men og vere med på å marknadsføre både ordning og trainee for å gjere tilbodet kjent, men og for å gje mogelegheiter til fleire typar av utdanningar. Og dess fleire som søkjer, dess betre kandidatar vil bedriftene få og fylket på sikt får både arbeidskraft, busetnad og eit omdøme som eit fylke får folk som vil noko.

Men så langt ser ikkje dette ut til å vere noko problem – det er fint å kjenne seg som redningsmann eller –kvinne for ein skarve dag når ein kjem på besøk og presenterer seg som trainee.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Travelt og lærerikt!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt