Våren i anmarsj!

Karoline Bjerkeset

Skrive av Karoline Bjerkeset - (12.03.2010)

31 år, opprinnelig frå Kleive i Molde kommune. Utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo sommar 2006 med vekt på offentleg forvalting. Har og mellomfag i sosiologi og grunnfag i tysk. Vore aktiv ungdomspolitikar i Senterungdommen og Senterpartiet sin Hovudorganisasjon i Oslo og arbeidd som politisk rådgjevar på næring i Senterpartiet si stortingsgruppe. Flytta til Sandane i Gloppen kommune i november 2008 grunna sambuar.

Sjølv med regntunge dagar iblanda litt snø, med rasfare og stengte vegar, kan eg ikkje gjere noko enn å gle meg over at våren snart kjem. Eg har nok aldri lengta etter våren slik eg har gjort denne vinteren.

Våren i anmarsj!

Noko av bakgrunnen er at eg sjølvsagt ikkje kan fordra at det er mørkt heile tida (eg hadde aldri gjort noko stor suksess lenger nord der det er mørketid), men i tillegg kan eg ikkje huske at eg har frøse så mykje som eg har gjort i vinter. Ein stor del av grunnen er at eg bur i eit oppussingsobjekt. Etter at svigerforeldra mine flytta ut i det nye huset sitt, merka vi plutseleg at ingen fyrte med ved i første etasje. Dette har medført ein del sure morgonar, særleg dei kor eg skal avgårde til Leikanger og må stå ekstra tidleg opp.

No er eg nok i utgangspunktet dei som på mi dialekt heiter ein ”frøspinnj”, men det har altså vore ubeskriveleg kaldt.

Med eit hus med ein første etasje frå 1880-talet som ligg oppå steinmur og kor kjellartaket er isolert med det dei måtte ha for handa i 1885, seier det seg sjølv at minst to lag med sokkar og tøfler er påkrevd når gradestokken har krøpe ned mot 25 minusgrader.

Men nok om depressiv mimring om kalde dagar som er forbi. Med heimekontor i skrivande stund, høyrer eg fuglekvitter utanfor glaset og har med eitt gløymt at eg lurte på om det nokon gong kom til å bli vår.

Det er særs travle tider med eit kjøkken som skal stå ferdig til påske, men god hjelp av far og søster og ein dyktig snikkar, ser det ut til at nytt kjøkken skal vere klart etter planen. Vi ville ha fram dei opphavelege tømmarveggane som har vore gøymt bak huntonittplater i over 50 år. Dei kom fram, men dei var utstyrt med opptil fleire lag med måling av ymse sort. Eg og systra mi gjekk på med dødsforakt, væpna til tennene med vernebriller, gummihanskar og fleire liter med kaustisk soda. Før i tida lagde dei ting for at det skulle vare, so og med måling. Men målinga måtte gje tapt og resultatet vart fine tømmarveggar i tre!

Som de skjønner er eg no blitt ein god kunde av dei som måtte gje ut diverse interiørblad. Bunkevis tårnar seg opp på hybelen, mens eg riv ut, skriblar, planlegger og drøymer meg vekk om alt det eg skal gjer til helga når eg kjem heim. Pluteleg må eg ta stilling til merkelege ting eg ikkje har tenkt over: Skal kontakta vere der eller der? Kor månge lyspunkt vil du ha? Og, ja, du må bestemme deg no (elektrikaren). Og på jobb har eg møtt på måndagane med ulike skader av lettare slag. To måndager har eg kome med lutskadar i ansiktet og ein annan gong med litt raklete kne etter golvlakkering. Men når resultatet blir bra, er dette fort gløymt og grodd. Det blir nok arbeid dei neste to åra på heimebasis!

Og alt vert nok lettare berre det vert vår!

 

(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Våren i anmarsj!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt