Fullt og helt, eller stykkevis og delt?
Reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane? Herlighet for et mylder av utallige stadar, opplevingar, action, ro, mat, kultur, drikke, osb… Det må vere ein draum å vere turist i dette fylket!
I alle fall er fasilitetane (inkludert natur) 100% til stade, å lage opplevinga fullverdig er vertskapet sin jobb. Få turisten inn i fylket raskast mogeleg og lås grensa – her kan ein bli underhaldt i heile fellesferien og vel så det – det har dei i andre fylker og seier du? Vel, eg er rimelig overbevist om at den underskogen ein finn av reiselivsaktørar av høg og unik klasse stiller Sogn og Fjordane i ein særklasse.
Heime i Florø, søndag, roleg kveld etter julebord på Skjerjehamn og nettverkssamling for Huldra på deltakar Rita Nyland sitt prosjekt Harpefossen Event.
I etablerarprogrammet Huldra er fleire av forretningsideane i reiselivsverden – fleire er i gang, og fleire har oppdaga kvarandre og ein av nøklane til suksess, samarbeid, samarbeid, samarbeid og atter samarbeid! SURF&SKI – kult eller? Turisten kan bølgesurfe på Stadt og reise i 50 min for så å stå på ski på Harpefossen! Får man kjøpt ein slik pakke i Hordaland eller på Møre? Trur ikkje det.. Og her er det eit utal moglegheiter til unike kombinasjonspakkar som turisten kan velje etter smak og behag – og pakkar er interessant! Familien vil ha eit skreddarsydd opplegg dei bare lett kan gjennomføre utan for mykje planlegging og organisering.
For 3. gong startar deler av tiltaksapparatet i Sogn og Fjordane opp Huldra – også i år er det fleire idear innan reiselivet, og dei snakka om samarbeid allereie på 1. samling. Nettverk og samarbeid er ein utruleg viktig effekt av slike program – Huldra er for heile fylket! Det skulle bare mangle.. ein viktig suksessfaktor for ein gründer er nettopp eit bredt og støttande nettverk – då nyttar det ikkje å pusle med eit eller anna i kjellaren om ein har ønskje om etablering og vekst. Kom deg ut – delta på aktuelle arrangement, vis deg fram, snakk med lokalavisa, knytt kontaktar, bygg nettverk – slitsamt? tja, men nyttig og motiverande? Oh yes!
Korleis kan vi i tiltaks- og virkemiddelapparatet bidra til konstruktiv nettverksbygging? Vel, vi må i alle fall tenke større regionar, og gjerne heile fylket der det er naturleg. Etableraropplæring og andre prosjektsatsingar der samarbeid og nettverk er naturlege effektar av at fleire møtast bør vere fylkesdekkande. Ønskjer verksemda verkeleg å satse? Ja, då klarar dagleg leiar å sette av så pass tid at ein kan delta på arrangement der ein av effektane kan bli økt omsetning. Men nokre må ta denne rolla – leggje dei overordna strategiane. Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane bør gripe rattet og styre fylket mot rett kurs. Det lokale/regionale virkemiddelapparatet har forstått dette, fleire kommunepolitikare begynner å forstå dette, men ein treng nokon overordna til å hjelpe med strategiane og dei store linjene. Ikkje ta ein pott og del den på 26 – legg ut på anbod, med krav om fylkesdekkande fokus og la dei gode miljøa vi har i fylket få drive dei overordna satsingane. Eg trur dette kan vere et steg mot eit riktig fokus der ein har nettverk og samhandling som underliggande effektar frå satsingane.
Og turistnæringa i fylket! Hjelpe meg for eit potensiale! Eg har dei siste åra etter eg flyttet til Florø i 2007 reist mykje rundt i Sogn og Fjordane, og eg har jo ikkje opplevd ein brøkdel endå! Nordmenn på ferie i eige land hadde ein god auke i år – og dette trur eg berre vil fortsette. Kan noen skaffe ein oversikt over alle dei kreative sjelene i reiselivsbransjen og gjere eit utal krysskoplingar og så utvikle www.unikepakkereisariSognogFjordane.no. Då klarer vi å få turisten ut av Bergensbanen og over på Flåmsbanen for så å sende dei på kryss og tvers i Sogn og Fjordane ut til kysten i fleire veker.






Kommentarer på artikkelen “Fullt og helt, eller stykkevis og delt?”
Atle Hamar sier:
Godt innlegg. Problemet er eit utal destinasjonsselskap,fragmentert marknadsføring, kronglete informasjonsstruktur, og få har evne og blikk til å sjå ulike kvalitetar i ulike regionar i fylket. Heimebøen blir ofte den penaste...Fylket og Innovasjon Norge finansierer planverk så det held, men støtte til produktutvikling er det mindre av.Vi treng ein "insight guides Sogn og Fjordane". Få turistar kjenner til det du nemner: At du innan ein og ein halv time kan oppleve eit spenn frå ope hav til isbre, havrafting og havfiske i Florø, ski i Jølster Skisenter og bretur i Stardalen, for å nemne eit døme.
Skriv din kommentar