Jubel i Noregs vestlegaste by
Den O’store jubileumshelga er over, men framleis gjenstår fleire arrangement. Bursdagen ble feira med kostymetog, kakefest, konsertar, båtturar, torgdag med meir og gjorde helga til ei flott oppleving og ein by full av feststemte menneske.
Og så vart 17.mai også ein fin dag, nesten som eit nachspiel etter festhelgen. Florøfolk og kystfolk kan feste når dei skal og bør, tok ein turen ut på ’byn’ var det jaggu vanskeleg å få plass, eller få noko å drikke, det vart faktisk tomt for øl litt ut på kvelden. Men folk var særs fornøyde, med 4 ulike konsertar og pubar var det noko for ein kvar smak og i Strandgata var det ein jamn strøm av vandrande folk frå det eine utestaden til den andre. Moro! – det er ikkje kvar helg Florø opplevast som ein middels stor sydlandsk by med musikk i kvar krok.
Sjølv om det i skrivande stund er 8 grader ute og ikkje noko som tyder på at vi snart er i juni har likevel Florøborgarane begynt å vakne til liv. Flåten, som er ein kjær flytande plass man kan drikke øl på, begynner å fyllast opp, det er eit sikkert teikn på at innbyggarane har komme ut av vinterdvalen. Vi er nok litt lyststyrte og det er heilt fantastisk når det er lyst nærast til midnatt, energien kjem boblande og det gjenspeilar det aukande livet i byen.

I tillegg får Florø besøk av 12 cruiseskip i sommar og fleire tusen passasjerar som skal på tur i Sunnfjord og vandre rundt i den lille kystbyen. ’Her er det flott’ – seier dei med store smil, dei reine gatene, folket, naturen syner å gjere positivt inntrykk på dei besøkande. På kartet turistane får utdelt er det merka inn ’marknadsplass’, ulike aktørar har nytta torget i Florø til å selje suvenirar, mat og anna produkt, samt har ulike lag og organisasjonar stilt opp for å gjere torget levande, Annai Poopathy Tamilsk Kultursenter og Florø Tamilsk Kvinnelag har stilt opp to gangar og selt tamilsk mat til stor begeistring frå lokalbefolkninga. Kjempebra innsats av dei som har bidratt, endeleg blir Florø sin internasjonale side synleg. Under det årlege internasjonale arrangementet får vi i Florø ein smak av alt dei fantastiske kulturane kan by på av mat, dans og musikk.
Eg hadde håpa at kafeane eller restaurantane i byen hadde nytta kompetansen som er i Florø slik at vi kunne opplevd meir av desse impulsane, kva med ei palestinsk veke på Hjørnevikhagen? Der gjestekokkar kunne lokka Florøfolk til å ete ute ein kveld med internasjonal meny. Eg lever i trua på at dei spennande internasjonale ressursane vi har i byen skal bli endå meir synleg.
Til helga skal det vere ein stor næringslivsmesse i Florø, over 100 verksemder frå heile fylket skal ha stand, og ungt entreprenørskap får fokus om fredagen. Det er venta 7000 besøkande, og sjølvsagt er det konserter og andre arrangement heile helga. I følgje yr.no blir det sol, og eg trur det blir ei ny helg med sydlandsk stemning over heile byen der utelivet yrer og ølkranene går tomme. Legg helgeturen til Florø!






Kommentarer på artikkelen “Jubel i Noregs vestlegaste by”
Skriv din kommentar