Mye vil ha meir

Marit Gjerstad

Skrive av Marit Gjerstad - (02.08.2010)

Marit er 31 år og er opprinnelig fra Bergen. Ho flytta til Florø i januar 2007 og flytta då frå Ås sine flate jorder til kystbyen heilt vest. På Ås har ho tatt ein mastergrad i Økonomi og Ressursforvaltning på Universitetet for miljø- og biovitenskap. Ho har også jobba i Akvaforsk som forskar. I Florø arbeider ho i Flora Næringshage og Sunnfjord 2020 som næringskonsulent. Næringsutvikling er eit spennende felt å jobbe innan, spesielt når det skjer så mykje i Sogn og Fjordane!

Er det streik enda? Etter å ha vært utan massemedia og null kommunikasjon med omverden var det dette som slo meg først etter å ha returnert frå seiltur i ti dagar. Og jammen, visst var det streik.

Mye vil ha meir

Streiken gjør meg litt frustrert og ganske så flau, fleire land i Europa går økonomisk på skakke, arbeidsledigheta er skyhøg og arbeidarane må gå ned i løn. Her heime vil vi ha meir, eller var det likeløn det vart kravd? Kva med at menn kan gå ned i løn? Det hadde jo vert ein perfekt løysing! Eller? Vel, nå handlar kravet muligens om at offentleg sektor skal nærme seg privat sektor, så kanskje litt for komplisert streikekrav å krevje andres lønssnedgang, men kunne jo vere fristande å prøve…

Uansett! – håpar ingen andre utanfor våre landsgrenser har fått med seg at vi streikar, vi har jo det så utrolig bra! Dei aller, aller fleste av oss har eit godt liv, kanskje for godt? Vi kastar ¼ av all mat, eteleg mat, 25 % er utrolig mykje! Du handlar gjerne 4 posar etter ein fredagshandletur, då kan du like godt kaste den eine i bosset, og så klagar vi over at mat er dyrt!?! Her er det noko som skurrar.

Etter å ha lest ein reportasje frå BT der eit ungt par vart intervjua vedrørande handel vart eg litt oppgitt, der var det vanleg å kjøpe brød kvar dag og kaste det som var frå dagen før, og dei måtte gjerne kaste ting frå kjøleskapet for å få plass til nyinnkjøpte varer. Korleis skal dette ende? Muleg vi hadde hatt godt av ei skikkelig kraftig finanskrise, utan innsprøyta oljepengar, der ein måtte tenke litt på kva ein har, korleis ein har det, kva ein unnar seg og korleis andre har det.

Ei av øyane vi segla til på Shetland var Fair Isle, ei lita øy med 70 menneske, alle hadde 20 sauer kvar, og 2-3 ulike jobbar, alt etter behov. Vi vart gjestfritt tatt i mot og invitert på ekte øyafest med liten og stor samt musikalsk underhaldning frå lokal befolkninga. Straumen på øya vart stengd klokka 23:30 og i same augeblikk vart stearinlysa tent på festen. Vi møtte folk som hadde ’flykta’ frå travle storbyar i England for å busette seg på øya og dei skulle definitivt ikkje tilbake til kavet i byane.

I Noreg har vi fleire slike små tettstadar og små byer som folk frå andre land finn idyllisk og roleg, ikkje noko mas eller støy. Det er ein ting til dømes cruisepassasjerane som besøkar Florø trekk fram som det beste med byen, ro og fred. Samtidig kan ikkje byen framstå som en spøkelsesby… Men det kan i alle fall ikkje seiast om Florø og Sogn og Fjordane. Førre helg var det Malkoff på Eid, ein fantastisk bra festival med høgklasse program og supre omgivelser.

Viktig for fylket at det er eit godt og variert tilbod for ein kvar smak, og det vil eg påstå det er.

Likar du gamle dampskip, trebåtar og veteranbilar? Då må du ta turen til Florø 5. – 7. august og besøke arrangementet Fjordsteam (sjå biletet av veteranbåten "Atløy" øvst).

Fortsatt god sommar!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Mye vil ha meir”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt