Å vere seg sjølv!

Merete Helgheim

Skrive av Merete Helgheim - (24.02.2010)

Merete Helgheim er fødd i 1980, og kjem frå Oppegård i Akershus. Ho er no busett i Deknepollen like ved Måløy. Merete har mastergrad i Matvitenskap frå Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås (tidlegare Noregs Landbrukshøgskule). Februar 2006 byrja ho å jobbe i Mattilsynet, Distriktskontoret for Nordfjord, med kontorstad i Måløy.

Eg er sikker i mi sak. Du kjem lengst dersom du er deg sjølv. Kven elles skulle du vere? Du er og blir også ein einar, du er best, dersom du samanliknar deg med deg sjølv!

Å vere seg sjølv!

I desse OL-tider kan deltakarane imidlertid ikkje berre samanlikne seg med seg sjølv. Dei må måle seg mot andre. Dei må samanlikne seg med andre. Nokon blir vinnarar medan andre tapar. Og dei må handtere media, same kva. Det er nok ikkje lett å få fram ord når ein nett har tapt (eit gull?!) (Petter Northug på 30 km skibytte i OL 2010). Men han hadde vunni om han hadde teke dei igjen (etter stavbruddet)!

Uansett, det gjeld å ha mot til å vere den du er. Og ikkje miste motet fordi du er den du er. Ikkje alltid tenk kva folk vil seie. Gjer det rette og frykt ingen! Petter Northug gjorde nok det rette, for han, på det tidspunktet. Han klarte ikkje snakke med media etter eit tap. Då må vi akseptere at vi ikkje fekk intervju med Petter den dagen.

Skal du nå langt, i idrett eller i arbeidslivet, så er eg sikkert på at du kjem lengst ved å vere deg sjølv. Vi har alle ulik personlegdom, men det er det som gjer deg til deg og meg til meg. Ingen er like, og takk og pris for det. Du påverkar alle du kjem i kontakt med. Gjennom orda dine, gjennom smilet ditt, gjennom oppførsla di, ja med heile din personlegdom så påverkar du andre. Ein merkar fort dersom ein ikkje er den ein gir seg ut for å vere. Samtidig er det nok det vanskelegaste av alt: å vere deg sjølv - og synast at det duger.


(Foto av gullmedalje i OL i Vancouver 2010: 
http://www.flickr.com/photos/exphiles/ / CC BY-NC-ND 2.0)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Å vere seg sjølv!”

Ina C.F. Kopperud sier:

hei :)
Jeg og min venninne Rikke Kalsveen skriver bacheloroppgave om tilflytting til Nordfjord og lurer derfor på om du kunne tenke deg å svare på noen spørsmål i forbindelse med dette?

På forhånd, takk

Merete Helgheim sier:

Heisann! Ja, bare kom med spørsmål, så skal jeg se om jeg kan svare! Sorry at jeg ikke har sett spørsmålet deres før nå. Send f.eks spørsmål på mail (mailadr: mhelgh@yahoo.no).

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt