Nok er nok

Merete Helgheim

Skrive av Merete Helgheim - (19.04.2010)

Merete Helgheim er fødd i 1980, og kjem frå Oppegård i Akershus. Ho er no busett i Deknepollen like ved Måløy. Merete har mastergrad i Matvitenskap frå Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås (tidlegare Noregs Landbrukshøgskule). Februar 2006 byrja ho å jobbe i Mattilsynet, Distriktskontoret for Nordfjord, med kontorstad i Måløy.

Søndag. Fri. Ute er det Snø. Igjen. Det tek aldri slutt. Sjølv eg har begynt å bli lei snø no. Vinteren gir ikkje slepp. Eg som trudde det var vår.

Nok er nok

Den planlagde fjellturen vart strevsam. Gjørme og snø om kvarandre, men toppen nådde eg. I tåke og snøver. Eg vil ha snøfrie stiar snart. Nok er nok, men kan vi eigentleg vite kva som er nok utan at vi veit kva som er meir enn nok?

Kanskje det er ein fordel med snø, no i desse tider. Eg meiner, då kan vi jo sjå om aska dett ned. Aska frå vulkanen på Island. Aska som har lamma heile flytrafikken. Håpar nok er nok på Island, men om litt kjem vel eit nytt vulkanutbrot.

Vi veit nok aldri kva som er meir enn nok. Skal vi også begynne å bli bekymra for vasskjelda vår? Det er mange som har overflatevatn som vasskjelder. Det er ikkje sikkert alle har reinsemetodar som kan få bort aska. Eg er interessert i vatn. Det handlar mykje om vatn for meg, i jobben min i Mattilsynet. Vatn er livsviktig. Ingen tvil om det. Og det å ha nok vatn.  Og sjøvsagt skal det vere helsemessig sikkert.

Eg tek ein slurk av vatnet i koppen min, og tenkjer på om eg har nok. Ja, eg har vel nok. Sjølv om eg ofte ønskjer meg meir. Eg har (nok) pengar, men sjølvsagt skulle eg ønskt eg hadde meir. Men eg klarar meg. Eg har nok kle, men sjølvsagt har eg alltid lyst å kjøpe meg nye. Eg har tak over hovudet, men skulle gjerne hatt eit endå større husvere.

Eg får (kjøper) nok mat, og får nok kvile og søvn. Det siste er imidlertid ikkje heilt rett. Kvile og søvn blir av og til (ofte) ein mangelvare. Mange slit nok med det same. Det er ikkje lett å få nok kvile og søvn i ein travel kvardag, men av og til må ein seie at nok er nok, og ta seg tid til å kvile og sove. God natt.


(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no, arnybo / CC BY-NC-SA 2.0)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Nok er nok”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt