Viljestyrke

Merete Helgheim

Skrive av Merete Helgheim - (07.04.2010)

Merete Helgheim er fødd i 1980, og kjem frå Oppegård i Akershus. Ho er no busett i Deknepollen like ved Måløy. Merete har mastergrad i Matvitenskap frå Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås (tidlegare Noregs Landbrukshøgskule). Februar 2006 byrja ho å jobbe i Mattilsynet, Distriktskontoret for Nordfjord, med kontorstad i Måløy.

”Viljestyrke er evnen til å spise bare en peanøtt” skal Pat Elphinstone ha sagt. Det er eit faktum. Nøtteposen blir ofte tømt for fort. Særleg etter ein lang skitur. Men då har du jo også fortent det. Særleg i påska.

Viljestyrke

Undervegs i eit påskeskirenn får ein jobba med viljestyrken. Sjølv deltok eg på tre konkurransar i løp av påska. Eit løp og to skirenn. Heilt på hobbybasis, men det er viktig å ha med seg viljestyrken i slike stunder. Når du etter 7 km blir glidd frå i skiløypa - og veit at det er 18 km igjen til mål - ja, då er det godt å ha litt viljestyrke.

Viljestyrke er kanskje viktigare enn talent når det gjeld å kome langt. Ein lukkast ikkje alltid, men det er viktig å ha trua. Og viljen. Uansett. På jobb og i fritida.

”Eg vil, eg vil, og eg skal få det til”. Marit Bjørgen tenkte visst på ein stor tiger når ho susa gjennom skiløypene i OL. Eg tør ikkje eingong tenkje på kva Petter Northug såg for seg.

Den «moralske muskelen» som ein kan kalle den, er drivkrafta til alle vanskelege og utfordrande oppgåver du gir seg sjølv. Viljestyrke er sjølvkontroll over sinnet. Du styrer din eigen vilje. Viljen ventar at du skal gi den instruksjonar. Det er du som bestemmer. Og jo meir du kontrollerer viljen din (og tankane dine), jo sterkare vil viljen bli.

Viljestyrke blir bygd opp ved at du vedvarande utfører dei små, modige handlingane du har bestemt deg for. Og at du erklærer krig mot dei svake, behagelege vanetankane som smyg seg på.

Viljestyrke er litt som den gode gamle matpakka, eller barnetrua, det er kanskje noko gamaldags og ukult med det. Men vi treng viljestyrke, ting kjem ikkje av seg sjølv. Eg har tru på hardt arbeid. Det finst riktignok menneske som lukkast på heilt andre måtar, men eg trur viljen likevel er ein viktig del for å lukkast.  

Benjamin Disraeli skal ha sagt: ”Hemmeligheten med suksess er alltid å ville noe.”


(Foto: Euromagic, Flickr.com, CC 2.0)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Viljestyrke”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt