Destinasjon sommerski!

Monica Brandsøy Lystad

Skrive av Monica Brandsøy Lystad - (04.06.2010)

Monica er 26 år og kjem frå Florø. Ho har ei bachelorgrad i øk/adm frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og ei mastergrad i øk/adm og marknadsføring frå Noregs Handelshøyskole. I tillegg har ho eit utvekslingssemester frå the College of William and Mary i USA. Monica arbeider med marknadsføring og som Miljøfyrtårnkonsulent i Sogn og Fjordane Energi. Ho har vært Framtidsfylket Trainee hos SFE kull 2007/2008.

Ein lang vinter til tross, skisesongen er ikkje over enda! For mange er det først no den byrjar, og forutsatt at det er bra med snø er våren den finasta tida for slike aktiviteter. På ein vårskitur kan ein jo spørre seg kva i all verden ein tenkte på under vinterens skiturar i -20 grader…

Destinasjon sommerski!

Stryn Sommarskisenter fekk nye eigarar, og hadde ein vellukka oppstart forrige helg med fint ver, rosa traktor og mange besøkande. Denne helga skal eg opp dit, og foreløpig ser veret ut til å bli like strålande som under åpningshelga! 

Eg håpar sommarskisenteret klarar seg økonomisk, og at både lokale og andre er flinke til å støtte opp. Ein ting som iallfall tidlegare har slått meg på sommarski er fraveret av lokale dialekter. Kanskje legg eg meir merke til andre dialekter og språk, eller kanskje er det berre tilfeldigheiter eller noko eg innbiller meg… Eg ser iallfall busslastar frå Finland og Sverige, vennegjenger frå austlandet som har kjørt i 7-8 timar for å stå på ski på Vestlandet, og ikkje minst dei som vekslar mellom sommarski i Stryn og surfing på Stad. Enda meir imponert blir eg når eg snakkar med folk som skal eller har flytta til fylket, mykje på grunn av dei moglegheitene vi har for friluftsliv her. 

Kanskje er det slik at vi ikkje legg merke til det som finst i fylket vårt før vi ikkje bur der lenger. Kan hende får vi meir interesse og kunnskap for eige fylke etterkvart som vi blir eldre, ikkje veit eg…

På helgas Fylkesmesse i Florø sto eg på stand for SFE der førstepremien i quizen vår for ungdomsskular og VGS var ein surfeweekend på Stad. Ein populær premie, men det var tydeleg at ungdomen var lite kjent i sitt eige fylke. Nokon trudde bestemt at Stad ikkje låg i Sogn og Fjordane, andre hadde ingen formeining om kor dette var, og hadde stort sett ikkje reist meir i eige fylke enn køyreturen frå Florø til Bergen… 

Kan hende blir dei same ungdommane skikkelege Sogn og Fjordane patriotar når dei reiser vekk for å studere? Kven veit, vi hadde kanskje like lita oversikt då vi sjølve gjekk på ungdomsskulen og VGS i Florø, så alt håp er neppe ute :-D

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Destinasjon sommerski!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt