Florø 150 år

Monica Brandsøy Lystad

Skrive av Monica Brandsøy Lystad - (30.04.2010)

Monica er 26 år og kjem frå Florø. Ho har ei bachelorgrad i øk/adm frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og ei mastergrad i øk/adm og marknadsføring frå Noregs Handelshøyskole. I tillegg har ho eit utvekslingssemester frå the College of William and Mary i USA. Monica arbeider med marknadsføring og som Miljøfyrtårnkonsulent i Sogn og Fjordane Energi. Ho har vært Framtidsfylket Trainee hos SFE kull 2007/2008.

På Stockholm Slott skreiv Kong Carl under på ”Lov angaande Oprettelse af et Ladested på Florøen i Kinns Præstegjeld”, og dermed var byen eit faktum, med berre 50 innbyggjarar.

Florø 150 år

Byen var eit resultat av politikk, og misnøye med handelen i Bergen. Det vart ønskje om ein kjøpstad i Sunnfjord eller Nordfjord for å blant anna betre omsetninga av fiskevarer. Fleire stader blei vurderte, men Florø vann til slutt grunna beliggenheit og byggegrunn, nærleiken til vintersildefiskeria og at ein hadde prestegard der.

Landets vestlegaste by fekk namnet sitt i naturnavigasjonen si tid med sjøfarande langs kysten. Florø har altså ikkje noko med øy å gjere, men kjem av Flora som tyder flatt og jamnt. I dag heiter bykommunen Flora, og bysentrum Florø.

No er det kring 11.500 innbyggarar i Flora, og byen er i dag kjend for årlege arrangement som Kinnaspelet, Sildebordet, FotballFlora, Veikingkonvoi med meir. I anledning byjubileet er det heile 150 ulike arrangement i år, eitt av dei er den store Fylkesmessa frå 28.-30. mai. Her kjem over 100 bedrifter, og det er venta over 7000 besøkande desse dagane. Det vert blant anna kokkekamp, og konsertar med John Olav Nilsen & Gjengen, Lars Vaular, Håvard Lothe og coverbandet AC/ZZ.

Sogn og Fjordane Energi er sjølvsagt med på Fylkesmessa, og vi lokkar med ein surfeweekend på Stad for den heldige vinnar av quizen vår på messa!

(Biletet er frå Brandsøyåsen, ein regnfull dag. Florø by i framgrunnen. Fotograf er Arne Hjorth Johansen.)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Florø 150 år”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt