Nyttårsfeiring i Florø
I Florø har vi ei unik nyttårsfeiring- folketoget Kjippen!
Tradisjonen vart visstnok starta av tønnemaker-lærlingar som gjekk i demonstrasjonstog og ytra meiningar om sjefane sine, ikledd masker så ingen skulle sjå kven dei var.
Kjippen har ingen formell arrangør, men ved midnatt høyrer ein trommeslag på oljefat, og eit stort tog med plakatar og doningar beveger seg gjennom Florø sentrum. Fleire vert med i toget undervegs, og dei mange tilskodarane betraktar doningane som gjer narr av ulike nyhetssaker som har vore i 2009. Denne gongen fekk bursdagsbarnet Florø, som er 150 år i 2010, mykje merksemd med overskrifter som ”Florø 1860-2010- Frå sild er du komen, til Førde skal du bli”, og ”det stabber og går, i 150 år”. Toget vert alltid avslutta med at alle doningar vert brende på bålet, eit symbol på å gløyme det gamle og starte det nye året med blanke ark.
For nokre år sidan vaks Barne-kjippen fram, barnetoget byrjar kl 8 på kvelden, og har raskt blitt like stort som ”Voksen-Kjippen”. I år gjekk mellom 2-3000 i tog gjennom byen, og i staden for plakatar og doningar er det utkledde barn som dominerer toget. Det heile vert avslutta med fyrverkeri på Fugleskjærskaia, og sjølvsagt vart jubileumsåret feira med eit ekstra stort fyrverkeri.






Kommentarer på artikkelen “Nyttårsfeiring i Florø”
Skriv din kommentar