Ta sjansen!

Monica Brandsøy Lystad

Skrive av Monica Brandsøy Lystad - (26.02.2010)

Monica er 26 år og kjem frå Florø. Ho har ei bachelorgrad i øk/adm frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og ei mastergrad i øk/adm og marknadsføring frå Noregs Handelshøyskole. I tillegg har ho eit utvekslingssemester frå the College of William and Mary i USA. Monica arbeider med marknadsføring og som Miljøfyrtårnkonsulent i Sogn og Fjordane Energi. Ho har vært Framtidsfylket Trainee hos SFE kull 2007/2008.

Denne månaden har eg og mange andre reist rundt på Framtidsfylket sine karrieremesser i Oslo, Bergen og Trondheim. Sogn og Fjordane Energi (SFE) stilte opp med fleire ledige stillingar i kofferten, og vi gler oss over å sjå responsen på dei!

Det steget det er å flytte heim att byrjar ofte med ein jobb, eller i mange tilfelle, to jobbar. Difor er det ekstra kjekt å lese i Firdaposten at stadig fleire skapar sin eigen arbeidsplass i fylket. Aud Norunn Vig, som no flyttar heim til Florø med mann og tre born, er eitt eksempel på dette. Ho er utdanna gartnar og har no starta si eiga verksemd, Grønne Fingre, i Florø. Kanskje blir ho sjølv den bygartnaren som fleire etterlyser i samband med Florø sitt byjubileum i år?

To andre gründarar i Florø er Espen Lothe og Line Gjervik Semshaug. Espen Lothe etablerte Kinn Bryggeri. Det einaste mikrobryggeriet i Florø har hevda seg i fleire konkurransar og lanserte Florø sitt første juleøl i 2009. Line Gjervik Semshaug starta opp Expert Hår, ein frisørsalong i Florø. Nyleg fekk ho Næringsfond for ungdom (NFU) sin pris på 25.000 for personar under 35 år som har realisert ein draum om å etablere sin eigen arbeidsplass i Florø.  

Det er nok dessverre ofte sånn at alt skal klaffe før ein tør ta sjansen på å flytte heim att. Er ein i eit parforhold skal helst begge to ha jobb, føle at ein er ferdige med bylivet, finne det perfekte huset, også vidare. Veldig rart er det ikkje, du veit kva du har i byen, men kanskje ikkje heilt kva du no vurderer å flytte heim til. Derfor er det kjekt å sjå at folk tør å satse!

Eg er sikker på at innbyggarane her set pris på heimflyttarar og nye lokale satsingar, enten det dreiar seg om ein frisørsalong, lokalt juleøl eller fleire grøne lunger i byn!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ta sjansen!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt