Samarbeid og rekruttering

Marit Gjerstad

Skrive av Marit Gjerstad - (16.02.2010)

Marit er 31 år og er opprinnelig fra Bergen. Ho flytta til Florø i januar 2007 og flytta då frå Ås sine flate jorder til kystbyen heilt vest. På Ås har ho tatt ein mastergrad i Økonomi og Ressursforvaltning på Universitetet for miljø- og biovitenskap. Ho har også jobba i Akvaforsk som forskar. I Florø arbeider ho i Flora Næringshage og Sunnfjord 2020 som næringskonsulent. Næringsutvikling er eit spennende felt å jobbe innan, spesielt når det skjer så mykje i Sogn og Fjordane!

- Jøss, så de samarbeider altså? Liknande utsegn vart ytra frå fleire av dei besøkande til Sunnfjord-standen på karrieremessa til Framtidsfylket i Trondheim.

– Jo, Sunnfjord-standen representerer 5 Sunnfjordkommunar, med næringsutviklingsselskapa Sunnfjord 2020 og Sunnfjord Næringsutvikling i spissen. Her sel vi Sunnfjord-regionen så godt vi kan, og trekker fram satsinga om eit felles bu- og arbeidsområde. Dei var heilt tydeleg litt imponert, dette var visst ikkje so vanleg, då dei forlot Sunnfjord for vel 5 år sidan.

Eit godt samarbeidsklima i regionane og i fylket var visst eit godt teikn for dei vi vil ha tilbake, og vi kunne like godt nytta det som eit salsargument. Flytt til Sogn og Fjordane, du kan etablere deg som arkitekt og ha samarbeidsprosjekt med dei eksisterande kontora i Florø og i Førde, og du kan bu i Naustdal. (Husk bomfesten 20. mars – Naustdalstunnelen blir avvikla :-D )

Eg trur at ein no vil sjå gode effektar av det gode og langsiktige arbeidet som er gjort av Framtidsfylket og satsinga på messer i Oslo, Trondheim og Bergen. Fleire i Trondheim fortalde om at dei store byene ikkje fristar. Dei hadde takka nei til tilbod frå store verksemder med godt renommé, verdiane med å busetje seg i Sogn og Fjordane tel meir, og det at ein kan få spanande jobbar og oppgåver i fylket begynner å bli ei etablert sanning.

Talk-showet var ein fin start på messa, og ikkje minst – eit svært viktig bodskap frå Stian Madsen i Elis – Det handlar også om å ta nokre sjansar. Kanskje ikkje ’draumejobben’ er ’ledig’ akkurat når ein er ferdig med studia, kanskje må ein ha ein anna jobb til den relevante dukkar opp, kanskje må ein flytte igjen? Framtida er vanskeleg å spå, men nokre sjansar må ein ta om ein har lyst å flytte til ein stad man har gode relasjonar til.

Då eg var ferdig med studiar i 2003, var arbeidsmarknaden svært vanskeleg for mitt fagfelt, valde å flytte til heimkommunen Bergen, og hadde urelevante jobbar til eg fekk jobb på austlandet, og etter kvart i Florø. Så sjølvsagt, det er alltid ein risiko å flytte til ein stad utan jobb, men nokre sjansar må ein ta.

Sogn og Fjordane må fortsette med det gryande og gode samarbeidet ein ser er i gjære no – det vil bli lagt merke til, både av næringslivet, busette og av folk som ikkje bur her med som følgjer med på kva som rører seg i fylket. Rekruttering har ein løyst saman på ein svært bra måte i form av Framtidsfylket – eg håpar denne satsinga fortsetter i mange år og at enda fleire verksemder sluttar seg til messene og ser at rekruttering er eit langsiktig arbeid.

I Sunnfjord har vi hatt eit vellykka samarbeidsprosjekt som har omhandla å gje dei nytilflytta ein god velkomst. Resultatet er ei mappe med relevant informasjon som kjem i posten til den nye sunnfjordingen. Det skal også vere ein tilflyttarfest i Førde 4.mars, der mellom anna lag og organisasjonar får sjansen til å vise seg fram.

For når ein først flyttar til fylket så er det jo litt anna som også må klaffe, trivsel er ein viktig del, men ein plass å bu er også vesentleg. Då eg flytta til Florø for tre år sidan, sleit eg med å finne meg bustad. Eg var til slutt heldig og fekk etter 8 mnd i ein kjellarleilighet kjøpt meg ein kjekk leilegheit til ca millionen, og då var eg heldig! Banken min ville ikkje gje meg mykje meir i lån (og eg vil heller ikkje bu meg i hel) og det var ikkje mange leilegheiter til millionen med skapeleg husleie, og eg har heller ikkje sett mange leilegheiter til denne prisen på dei 3 åra eg har budd i Florø. No høyrer eg fleire som er singel uttrykke den same frustrasjonen, det som er på marknaden er for dyrt for ein som ikkje har ein partnar å kjøpe saman med.

www.finn.no er Sogn og Fjordane (saman med Finnmark) på botn når det gjelder bustad til sals og til leie, berre 8 bustader lå ute på finn.no til utleie i skrivande stund…. Dette er ein utfordring kommunane må ta på alvor, naudsynt infrastruktur, som til dømes bustad, må vere på plass når ein nå begynner å sjå resultat frå satsinga på Framtidsfylket. Kanskje eit prosjekt kommunane i regionane kan sjå på saman?

I morgon er det ny messe i Bergen – det blir spanande. Det er kjekt å møte interesserte menneske som er nysgjerrige på Framtidsfylket Sogn og Fjordane, og så er det utruleg kjekt å selje eit så spennande fylke!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Samarbeid og rekruttering”

Skriv din kommentar

Siste nytt

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt