Sinterklaas og jul

Anne van Oorschot

Skrive av Anne van Oorschot - (16.12.2009)

Anne van Oorschot (38) flyttet til Bremanger fra Nederland i 2000, sammen med mannen sin Rogier, og barna Stijn (11), Ive (9) og Lotte (6). Årsaken til at de flyttet var at de ønsket seg god plass, urørt natur og gode oppvekstvilkår for ungene. Nå eier de et småbruk på Davik og stortrives.

Som innvandrar reflekterer eg ein del over norske tradisjonar og kultur: påske på ski, hytteliv, 17. mai-feiringa, bunader, smalahove, hjortejakt, dugnad, pølse med brød, alkoholforbruket. Og rundt denne tida på året er det mye norsk juletradisjon:  julevask, julebakst (eg blir sliten av å berre tenke på det), norsk julemat, masse presanger på julafta, gå rundt juletreet. Interessant!

Sinterklaas og jul

Frå Nederland er vi vande med litt andre tradisjonar. I byrjinga av desember er 5. desember eit høgdepunkt. Då har nemleg Sinterklaas bursdag og det feirast på ein heil spesiell måte. Eg stussa litt på korleis eg skulle forklare dykk på norsk kven Sinterklaas er men heldigvis hjalp Wikipedia meg litt:

’Sinterklaas er den nederlandske versjonen av Sankt Nikolas. Den hellige Nikolas var biskop i Myra i Lilleasia og døde midt på 300-tallet. Ifølge legendene hjalp han bl.a. fattigfolk med gaver, noe som ligger bak tradisjonen om Nikolas som julenissen med gaver. Dagene for feiringen av Sinterklaas faller tidsmessig alltid i adventstiden. rett og slett fordi den hellige Nikolas skal ha dødd den 6. desember. ’
(Kjelde: Wikipedia)

Det utrulege med Sinterklaas er at han fortsatt er i live.

Kvart år i slutten av november kjem han med dampbåten sin frå Spania til hamna i Nederland. Dette er alltid ein stor folkefest med opptog. Med seg har han hjelparar som heiter Zwarte Piet (svarte Petter). Zwarte Piet er svart på grunn av sotet fordi han klatrar gjennom skorsteinpipa for å levere presangar til borna. Han kan både være morosam og skummel. I opptoget kastar han godteri og peppernøtter til alle snille barn, men han trugar også med at slemme born blir tekne med i sekken hans til Spania.

Sinterklaas er altså ein heilag mann, og det er slik han ser ut.

Han har på seg ein ærbødig biskopsdrakt, med ein hatt (slik som paven har), stav, kvitt hår og langt skjegg, og han rir på ein kvit hest (og kan faktisk ri på hustaka). Og Sinterklaas veit alt. Gjer du noko slemt eller ikkje lyder foreldre dine, så veit han det. Og då får du ikkje presangar.

Heilt fram til han reiser igjen 6. desember, set borna skoa sine framfor peisen før dei legg seg om kvelden (eller omnen) og syng Sinterklaas-songar. I skoa ligg det gjerne eit dikt eller teikning til Sinterklaas, og ei gulrot eller høy til hesten. Neste morgon er alt du har putta i skoa forsvunne og i staden ligg det gjerne ein liten presang eller litt godteri.

Heile denne perioden er kvardagen full av Sinterklaas.

Butikkar er pynta med Sinterklaas-dekorasjon, ein høyrer Sinterklaas-musikk, tv-program osv. Alle born spør kvarandre: ’kva har du fått i skoa dine i dag?’. Og det heile toppar seg på kvelden den 5. desember. Då er det ’pakjesavond’ (presangkveld). Plutseleg bankar nokon på døra, og så kan det stå ein stor korg der med presanger til alle.

De forstår at Sinterklaas har ein utfordring med alle nederlanske born som flyttar til utlandet. Mine born fekk eit brev av Sinterklaas at det var litt for langt å reise heilt til Norge for å levere pakker, i tillegg er det så glatt på hustaka her. Difor har han avtalt med fetteren sin, Julenissen, at han skal sørgje for at borna får presangar. Det var ikkje dumt.

Så no har de lært litt om nederlandsk førjulstradisjon. Og i alle nederlandske heimar blir juletreet pynta omlag i midten av desember. Kvifor vente med det heilt til velsejulaftan når ein lenge kan ha glede av det?

Eg ønskjer deg og dine ein riktig god jul og eit godt nyttår!

 

(Foto av Sinterklaas og Zwarte Piet: Michell Zappa (Flickr) CC2.0)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Sinterklaas og jul”

Nanna sier:

Hei.
Foreldrene mine flyttet også til Norge for de samme grunnene som dere (da jeg var 1 år).
Vi har alltid beholt tradisjonen. Noen som banket på døren, og så sto det en korg med presanger. Eller en slags skattejakt etter presangene. Det pleide ikke være særlig mye, men masse godteri og småting. De meste ble sendt fra besteforeldrene mine i Nederland. :)

Skriv din kommentar

Siste nytt

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt