Sosiale eller usosiale medier?
Flickr, Facebook, Origo, blogger, Twitter, LinkedIn, forum, YouTube, MSN, Nettby, Blink. Nei, dette er ikkje kinesisk, det er heller ikkje namn på nye typar vaskepulver, dette er namn på sosiale medier.
For 6 månader sidan hadde eg knapt hørt om desse, men den dagen kom då eg òg måtte hive meg rundt og bli med. Eg har ein jobb i Framtidsfylket som gjer at eg må jobbe mykje med PR, omdømmebygging og marknadsføring. Eg er nøydd å vere der «kundane mine» er, og desse unge vaksne med høgare utdanning brukar i stor grad sosiale medier for å kommunisere med kvarandre.
Først måtte eg jo finne ut kva dette gjekk ut på. Eg må nok seie at eg blei litt fascinert. Det er artig at du kan følgje med mange utan at du behøver å ha kontakt med dei (litt usosialt eigentleg). Og på Facebook er det veldig mange som vil vere «venn» med deg, men det skal du ikkje du ha for høge forventningar til.
Ikkje alle har skjønt at desse sosiale media har ei skummel bakside (manglande sosial antenne?). Privatliv og jobb blir fort blanda. Menneske som du møter i jobbsamanheng kan bli «vennen» din på Facebook og dermed følgje med på meldingane og bilda du legg ut. Folk du ikkje liker kan ønske å bli «venn» med deg. Du kan nekte dei det (litt usosialt??), men då kan det jo oppstå pinlege situasjonar. Folk kan bli fornærma.
Alt kan verke mot deg. Å skrive om kona som har vore utru kan vere interessant, men er ikkje særleg taktisk. Det er kanskje ikkje så interessant at andre skal lese om at «eg har lagt ungane», «eg har laga middag» (då må du i det minste dele oppskrifta med oss), eller at du fyller ut 10 quiz om dagen og er med i alle slags teite spel som dei òg vil eg skal bli med på (nei, takk!). Og nakenbilde skal kanskje helst ikkje delast med alle «vennene» dine? Og skriv ikkje at du kjedar deg i jobben din, fordi du fort kan få sparken.
Også tidspunktet du legg ut ting på (det står nemnt i meldinga) kan vere kritisk. Er det lurt å skrive om sokkesig mens du sit på eit viktig møte? (beklagar, Tor, kunne ikkje la vere). Eller skrive «komme på jobb», når du har forsove deg. Her kan ein ane mulegheiter for sosial kontroll.
Det sosiale mediet som eg har mest sans for akkurat no er Twitter. Det er meir brukt i profesjonell samanheng. På Twitter har ein mykje fokus på deling: What you give is what you get. For eksempel gjer ein andre merksame på interessante artiklar på nett og legg ved ein link. Ein kan spørje andre om innspel til presentasjonar og debattar. I det heile tatt engasjere andre i det du held på med. Den store utfordringa er at alle ventar at du svarer. Så er det nokre dagar du ikkje er på nettet, så er det nesten eit brotsverk. Enkelte har blitt avhengige av å sende «tweets» frå mobiltelefonen, og er dermed sosial heile tida, til og med når dei ikkje sit bak ein pc.
Eg er langt ifrå ekspert på sosiale medier. Eg har berre så vidt begynt å ane mulegheitene og fellene med bruk av dei. Det er vel viktig å finne balansen her òg. Eg trur ikkje at det kan vere meininga å tenke jobb 24 timar i døgnet og heile tida føle press for å komme med fantastisk kloke utsegner og tilvisingar. Eg trur eg skal halde meg til å ha fokus der eg er. Og ikkje minst sette pris på dei verkelege vennene rundt meg og føre ein god gammeldags sosial samtale med augekontakt.




















































Kommentarer på artikkelen “Sosiale eller usosiale medier?”
Skriv din kommentar