Fersk og erfaringsbasert kompetanse i samspel løftar fylket
Haustens traineekull er no godt i gang med arbeidet sitt ute i dei ulike verksemdene som er knytt til Framtidsfylket si traineeordning. Det betyr ny kunnskap inn – erfaringsbasert kunnskapsoverføring i retur.
Kvar trainee vert tilsett på vanleg måte i ei av dei mange offentlege og private verksemdene i Sogn og Fjordane. Her utfører traineen sjølvstendige og utfordrande oppgåver og tar i tillegg del på fellessamlingar i regi av Framtidsfylket Trainee. Oppstart av traineeåret er alltid i august, og traineeperioden varer til sommaren året etter. Det varierer frå år til år kva bedrifter som deltek i ordninga.
I tillegg skal traineeordninga også vere ein arena for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling traineeane seg i mellom.
– Første traineesamling er no gjennomført, og vi i Framtidsfylket har nytta høvet til å verte betre kjende med dei – ei flott samling unge menneske med høg kompetanse innan kvar sine område, seier dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket.
Ho seier at ei av målsettingane med ordninga er at dei gjennom traineeane kan bidra til å styrke samarbeidet på tvers i fylket – noko fleire av verksemdene har teke på alvor:
Høgskulen, NHO og fylkeskommunen har initiert eit samarbeidsprosjekt der deira fire traineear i felleskap skal utarbeide ein plan for korleis ein kan utvikle informasjons- og formidlingsarbeidet i VRI – eit program som skal fungere som vere bindeledd mellom næringslivet og relevante kunnskapsmiljø og bidra til at ekstern kompetanse vert lettare tilgjengeleg.
Ifølgje ei undersøking utført av Karrieremagasinet Kaleidoskopet beheld fylket heile 70 % av traineeane – dei fleste i den verksemda dei starta opp i.
– Vi i Framtidsfylket er ikkje i tvil om at traineeprogrammet har vore ein suksess for både traineeane sjølve, dei ulike verksemdene og for den generelle oppfattinga av Sogn og Fjordane som eit attraktivt fylke å arbeide i, seier Oorschot.
Sjå også:
Traineear 2010-2011 på samling i Bremanger. Foto: Thomas Bickhardt, Bickfoto.







Kommentarer på artikkelen “Fersk og erfaringsbasert kompetanse i samspel løftar fylket”
Skriv din kommentar