Framtidsfylket Sogn og Fjordane på talentjakt
Arbeidsgjevarar frå heile fylket finpussar i desse dagar slagord, rollups og brosjyrer. Dei ønskjer å vise seg frå si beste side når framtidige arbeidstakar skal rekrutterast i Bergen og Trondheim i februar og mars. Arenaen er Framtidsfylket Karrieremesser, som i 2012 blir arrangert for sjette gong.

Alle foto: Audun B. Andersen
– Karrieremessene er som ein gedigen buffet med spanande arbeidsplassar, ein arena der arbeidstakarar får smake på livet i Sogn og Fjordane, og får oversikt over dei mange og varierte moglegheitane til å bu og arbeide der, seier dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket.
– Sogn og Fjordane er ikkje berre postkort-skjønn natur, og eit liv nærast fri for rushtid og giftlokk. For tida er det «arbeidstakars marknad» i Sogn og Fjordane. Det vil seie at dei som er klare til å selge si eiga arbeidskraft har kjempegode moglegheiter - og attraktive kompetansearbeidsplassar finst i alle dei 26 kommunane i fylket.
Ho får støtte av farmasistudent Sarah Marie Vie Furevik i Bergen, som hadde følgjande attest i fjor:
– Når du flyttar ut av Sogn og Fjordane får du vite om ting du eigentleg ikkje tenkte på då du budde der sjølv, spesielt gjennom karrieremessene.
Lågast arbeidsløyse
Sogn og Fjordane hadde ved årsskiftet lågast arbeidsledigheit i landet, med 1,7 prosent. Det gjev gode sjansar til å finne jobb som passer til kompetanse og ønske for begge i eit par.
– Det komande året forventar vi at arbeidsledigheita vil halde seg uendra, seier direktør i NAV Sogn og Fjordane, Thore Torsnes.
Dette bekreftar dei optimistiske prognosane i bedriftsundersøkinga "Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane", som ble lagt fram for eit halvt år sidan. Då meldte nærare 95 prosent av bedriftene om stabile og styrka marknadsutsikter. Rundt 90 prosent venta stabil eller auka omsetting, og fylket gjekk inn i ein oppgangskonjunktur.
Høgdepunkt
For mange bedrifter i Sogn og Fjordane er karrieremessene eit høgdepunkt i løpet av året. Sidan messene vert haldne utanfor fylket, og gjerne medfører overnatting for bedriftene som har stand, så gjev det rom for å bli godt kjende på tvers av bransjar og kommunegrenser.
– Fleire reknar karrieremessene som ”Årsmøte for Sogn og Fjordane”, der òg sosialt samvær er ein viktig del. Dessutan får dei synleggjort seg for kvarandre på ein måte som ikkje er like lett når dei er spreidde på ulike tettstader i heimfylket, seier van Oorschot.
Arbeidsgjevar Hilde Charlotte Strømsnes (biletet t.h.) i Direktoratet for forvaltning og IKT i Leikanger, Difi, var med på messe for tredje gong i fjor, og sa at dei opplever det som veldig positivt å vere med på karrieremessene:
– Vi får vere med og marknadsføre heile Sogn og Fjordane, og vise at vi er ein mangfaldig region.
Difi er blant dei mange arbeidsgjevarane som blir med år etter år, og har tinga plass til stand også i 2012.
Smak av fjordfylket
På karrieremessene vert det òg servert tapas med ein smak av det beste fylket kan by på innan mat. For å berekne nok mat og lage namneskilt oppmodar van Oorschot dei som vil kome om å melde seg på via nettportalen framtidsfylket.no. Indresogningen Finn Tokvam, kjend frå radioprogramma Pils og Radio Røynda, og aktuell med Vestlandsrevyen II, skal ha talkshow. I tillegg vert det formidla kva fylket har å by på av natur, kultur og andre verdiar.
– Studentar og andre som er på jakt etter spennande arbeidsplassar bør vere om seg når vi no møter dei på heimebane i Bergen og Trondheim. Vi oppmodar alle som bur i Sogn og Fjordane om å bruke nettverket sitt til å fortelje om desse unike møteplassane. Påmelding og meir informasjon er å finne på nettet på framtidsfylket.no, seier van Oorschot.
Frista for arbeidsgjevarar til å kjøpe standplass for messene i Bergen 15. februar og på NTNU i Trondheim 1. mars har eigentleg gått ut, men Framtidsfylket held likevel døra på gløtt for dei som var for seint ute.
Denne gongen vert det ikkje messe i Oslo.








Kommentarer på artikkelen “Framtidsfylket Sogn og Fjordane på talentjakt”
Skriv din kommentar