Internasjonale Vestlandsforsking fyller 25 år

publisert 20.12.2010 av Redaksjonen

Forskingsinstituttet i Sogndal utgjer saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane eit samla regionalt kunnskapsmiljø med om lag 200 fagstillingar, og feira jubileet med seminar.


25 ÅR: Vestlandsforsking held til på Fosshaugane Campus. Arkivfoto: Jan-Erik Kvåle, mediebruket.no.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes heldt opningstalen på Vestlandsforsking sitt jubileumsseminar ”Regionalt kunnskapssamarbeid – floskel eller suksesskriterium”:

– Vestlandsforsking er eit ektefødd barn av fylkeskommunen, og fødselsattesten stadfestar dette med Sogn og Fjordane fylkeskommune som formell stiftar i 1985. Det er vi stolte av, og vi er også stolte og bevisste på at dette var mogleg fordi kommunar, bedrifter og organisasjonar var med og bygde grunnkapitalen, sa Kjelsnes i talen sin i høve 25-årsjubileet. 

Jubileumsseminaret vart halde i midten av desember, og handla om kunnskapsmiljøa si rolle i regional utvikling på Fosshaugane Campus i Sogndal. 

Fylkesvaraordføraren sa òg i talen sin at ho ser det som eit kvalitetsstempel at Vestlandsforsking, som vart skipa for å fremje bruksretta forskings- og utviklingsarbeid i Sogn og Fjordane, raskt fekk oppdrag også utanfor fylket.

At tidlegare fylkesrådmann, Svein Lundevall, var styreleiar i Vestlandsforsking dei fem første åra, viser også at fylkeskommunen hadde eit sterkt engasjement for å få byggje opp institusjonen.

Åshild Kjelsnes la i opningstalen vekt på at fylkeskommunen er oppteken av at Vestlandsforsking skal ha rom til å utvikle seg vidare, og framleis får forskingsinstitusjonen ei årleg grunnløyving frå fylkeskommunen:

– Dette meiner vi er viktig for at Vestlandsforsking skal ha eit visst armslag til å få utvikle seg vidare. I dag er det viktigare enn nokon sinne at vi nyttar forsking som eit aktivt verkemiddel i det utviklingsarbeidet vi driv i fylket, sa Kjelsnes. 

Vestlandsforsking har i dag rundt 30 tilsette og hadde ein årsomsetnad på om lag 24 millionar kroner i 2008. Det er eit oppdragsbasert forskingsinstitutt, som har som mål å gje synlege bidrag på forskingsfronten – både nasjonalt og internasjonalt.

Forskingsinstitusjonen er medeigar i Framtidsfylket AS, og tilbyr traineeplassar gjennom Framtidsfylket Trainee.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Internasjonale Vestlandsforsking fyller 25 år”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt