Kan du tenke deg ein pangstart på karriera?
Om du har utdanning på bachelor- eller masternivå, har maksimalt tre års arbeidspraksis etter endte studiar og er under 35 år kan du gjennom Framtidsfylket Trainee få ein unik sjanse til ei spanande karriere i Framtidsfylket Sogn og Fjordane.

Alle foto: Thomas Bickhardt, www.bickfoto.no
Søknadsfrista for det nye kullet (start august 2012) er 15. mars 2012. De nye traineestillingane for kull 2012-2013 er lagt ut, og frå veke 3 vil søknadsskjema vere tilgjengeleg via nettsidene til Framtidsfylket.no.
Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du òg ein mentor som skal følge deg opp. På traineesamlingane møtast traineeane i dei ulike bedriftene. Her er det fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og eit knippe tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg ein vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.
Møt tidlegare traineear:
- Sjå videoen om Vegard Åstebøl Larssen som vart dagleg leiar hos Stadt Towing Tank
- Sjå videoreportasje om traineear som fekk meirsmak hos Sogn og Fjordane Energi
- Les om Lisbeth Bringebøen og Asbjørn Ness som var hos Sogn og Fjordane fylkeskommune
- Les om Daniel Wergeland som var hos Normatic
Kvar gruppe har mellom åtte og fjorten traineear, og det er fire fellessamlingar i løpet av året – kvar gong på ein ny plass i fylket. Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste to åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU. Kva bedrifter som deltek i traineeordninga varierer frå år til år. Traineeåret varer alltid frå august til august.
Kva kompetanse som vert etterspurd vil avhenge av kva bedrifter som deltek. Men stort sett alle studieretningar og kompetanseområde har vore etterspurde. Tidligare har det vore en brei fagleg spreiing i traineegruppa (samfunnsfag, IKT, økonomi, ingeniør, juss og marknadsføring), noko som gjer læringa unik.
Trykk her for å sende inn din søknad på traineestilling













Kommentarer på artikkelen “Kan du tenke deg ein pangstart på karriera?”
Skriv din kommentar