Utvikling vs. Avvikling

Eva Marie Felde

Skrive av Eva Marie Felde - (10.06.2011)

29 år gamal Breimstaus. Har ei mastergrad i politikk og kommunikasjon frå London School of Economics og ei bachelorgrad i japansk og statsvitskap frå universitetet i Bergen og NTNU. Arbeidd som journalist i NRK Dagsnytt og informasjonsrådgjevar i Datatilsynet etter ein hestekur i journalistikk ved Nynorsk Mediesenter. Er no trainee på Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeider med forskingsformidling og kommunikasjon. Spesielt glad i Japan, radio, aviser og Golfen sin, og håpar å bli like glad i telemarkskia og fjellskoa igjen når eg er tilbake i Breim!

Korleis held ein liv i ei bygd? Kva skal til for at det blir positiv utvikling og folk får lyst å bu der, heller enn å flytte der i frå? Eg reiste til Færøyane for å bli klokare på området.

Utvikling vs. Avvikling

For eit par veker sidan var eg på Færøyane, i bygda Vagur. Der var folk frå Noreg (Gloppen), Færøyane, Danmark og Island samla. Vi delte erfaringar om frivillig arbeid, dugnad og prosjekt som kan skape aktivitet i mindre lokalsamfunn.


For det er ikkje berre i Sogn og Fjordane at folketalsutviklinga ser ut til å peike i feil retning. Også dei andre nordiske landa slit med å få, spesielt unge og høgt utdanna, til å busette seg i område med allereie spreidd busetnad.

 
Kva skal ein gjere?
I Sogn og Fjordane er traineeordninga til Framtidsfylket eit verkemiddel ein har valt å satse på. Denne måten å rekruttere av unge menneske med høg kompetanse, har synt seg å vere vellukka. Tre år etter avslutta traineeperiode, budde framlei 73 prosent av traineeane i fylket. Undersøkinga som desse tala er henta frå, syner også at det viktigaste for unge og nyutdanna er jobb, helst to slik at ein eventuell ektefelle/sambuar/kjæreste også har noko å drive med.


Eit spørsmål i den samanheng er om ei kvar bygd og, eller arbeidsmarknadsområde, skal ha arbeidstilbod for absolutt alle utdanningar? Dersom eg hadde tatt master i japansk, som lenge var planen, skulle eg då kunne flytta tilbake til Breim og kunne forvente meg ein jobb der eg fekk bruk for kompetansen min? Eg trur det er for naivt å skulle svare ja på dette spørsmålet. Nokre kompetansar er det rett og slett ikkje plass til alle stader.

 
Samstundes utviklar verda seg, heldigvis. Det blir lettare for dei med spesialisert utdanning å bu ein stad, men ha kundar og oppdrag ein annan stad. Betre vegnett og flyavgangar gjer det enklare å pendle. For nokre av dei som drøymer om eit liv på bygda, så trur eg ein del i lita grad har tenkt godt nok over om utdanninga deira let seg kombinere med eit slikt liv. Eg innrømmer glatt at det var ikkje det første eg tenkte på medan eg var student. Eg ville lære mest mogleg, helst om alt mogleg, kva eg skulle bli, kvar eg skulle bu - det kom i andre rekkje. Heldigvis, for meg, har eg ei så pass potetutdanning og etter kvart også mykje erfaring, slik at eg faktisk kan brukast til ganske mykje og samstundes trivast. 


Arbeid er ikkje alt
Så arbeidsplassar er utruleg viktig. Blir pendlaravstanden for lang, så flyttar folk heller ut. Flyttar arbeidsplassane ut, flyttar folket fort etter. Alt heng saman, dei gode vegane og flytilbodet må vere der for at folk skal flytte ein stad og halde fram å bu der. Infrastrukturen må vere på plass for at alt skal fungere i Sogn og Fjordane, med store avstandar har vi nokre spesielle utfordringar føre oss.

 
Tilrettelegging av arbeidsplassar er ein ting, men det er ikkje berre difor folk flyttar eller ikkje flyttar til ein stad. Kva får eigentleg folk til å flytte? Eg trur at alle bygdene som slit med tilflytting har plass til fleire, men det er ikkje berre jobb som styrer folk sine flyttevanar. Nærleik til familie, vener, attraktive fritidstilbod og sosiale teneste- og aktivitetstilbod speler også inn.


Den gode historia
Då vi var på Færøyane snakka vi om korleis ein best skal marknadsføre seg, omdømmebygging i praksis og korleis dei gode historiene skal fortellast. Kva skal og bør ein gjere? Danskane som vi var saman med på Færøyane hadde laga film. Filmen var fin, men eg veit ikkje om eg sjølv hadde flytta ein stad på grunn av ein film. Framtidsfylket har også laga ein bra film, men eg tvilar på at den isolert sett hadde lokka meg heim. I den store samanhengen, kan det sjølvsagt vere at ein inspirerande og truverdig film er loden som får vektskåla til å vippe i retning av at varig adresseendring blir Sogn og Fjordane. Det er lett å vere negativ eller seie at det og det ikkje fungerer, men eg har endå til gode å snakke med nokon som sit på den optimale løysinga.

 
Så kan ein heller ikkje tvinge folk til å flytte ein stad. Det er verkeleg noko høgst privat og frivillig. Eg sjølv valde å flytte fordi eg hadde lyst, både eg og sambuaren fekk tilbod om gode og relevante jobbar og vi kom nærare familie, for vi har allereie røtene våre i Sogn og Fjordane. Korleis vi, då meiner eg heile fylket, skal få fleire til å ville bu her, ja, det veit eg ærleg tala ikkje. Men, eg tek gjerne i mot gode tips, som eg kan dele med mine kollegaer frå Norden når vi samlast på Island i august! Eg har i alle fall tenkt å gjere det eg kan for at Gloppen og Breim blir utvikla og ikkje avvikla.

 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Utvikling vs. Avvikling”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt