Uventa konsekvensar av heimflytting

Eva Marie Felde

Skrive av Eva Marie Felde - (04.04.2011)

29 år gamal Breimstaus. Har ei mastergrad i politikk og kommunikasjon frå London School of Economics og ei bachelorgrad i japansk og statsvitskap frå universitetet i Bergen og NTNU. Arbeidd som journalist i NRK Dagsnytt og informasjonsrådgjevar i Datatilsynet etter ein hestekur i journalistikk ved Nynorsk Mediesenter. Er no trainee på Høgskulen i Sogn og Fjordane og arbeider med forskingsformidling og kommunikasjon. Spesielt glad i Japan, radio, aviser og Golfen sin, og håpar å bli like glad i telemarkskia og fjellskoa igjen når eg er tilbake i Breim!

Oppheng i vêrmeldingar, dieselprisar, normalisert forhold til møkelukt og traktorar er noko av følgjene av å vende heim.


Eggenipa og Breim. Foto Arild Nybø, mediebruket.no

Å flytte heim har i stor grad svart til forventningane, og eg visste jo kva eg gjekk til. Etter åtte månadar heime, så slår det meg likevel at tilbakeflyttinga også har ført til nokre overraskingar.

Mellom anna legg eg merke til prisen på diesel kvar gang eg køyrer forbi ein bensinstasjon. No veit eg at det er variasjon i pris frå stad til stad og tidspunkt på døgnet. At eg skulle bli interessert i å følgje med på dette og gjere det til ein vane å berre fylle diesel søndag kveld eller måndag morgon, hadde eg ikkje trudd.

Tolking av teikn

Så har eg blitt omtrent like opptatt av vêr og vêrmeldingar som faren min. Det kom også som eit sjokk. Kor mange grader er det ute, korleis ser meldingane for den neste veka ut? I bilen føl eg med på temperatursvingingar og tolkar alle moglege teikn. Litt vatn der ja, betyr det at det er glatt? Var ikkje slik i går. Så har du det gåande.

Slik teikn kan eg sjølvsagt berre tillate meg å sjå etter når eg ikkje ser etter hjort. For det gjer eg veldig ofte. Spesielt der eg har sett dei tidlegare. Eg har vel for så vidt vore inne på kor mange og kva dyr eg ser på køyreturane mine, men eg kan no opplyse om at ekorn, endå fleire hjortar, mus og ørn no er observert i eller nær vegbana.


Breim – lukta og ånda

Generelt kan eg vel seie at eg er blitt utruleg opptatt av bil og alt som kan ha innverknad på bilkøyring. Men, det er også andre følgjer av å returnere til Breim.

Ein dag, då eg studert i Trondheim, og kom ut av bussen i eksamensperioden, starta eg nesten å grine. Årsak – eg såg ein traktor og kjende ein eim av møkalukt. Eg innser no at dette bonderomantiske forholdet til gyllelukt er ved vegs ende. Etter eit par dagar i skikkeleg Breimslukt, eg fekk ferten av den sist veke, så får eg truleg mi dose. Ergo betyr det at eg aldri meir vil ofre ei gledeståre over møkalukt eller synet av ein traktor.

Dessutan har eg starta å følgje med på friidrett. Det har si naturlege forklaring det også. Breimsbygda Idrettslag skal arrangere NM i friidrett i august, og eg har meldt meg frivillig til å hjelpe til på mediesida. Eg er ikkje alltid heilt sikker på at eg veit kva eg har sagt ja til, men eg trur det blir utruleg kjekt!

Om eg ikkje tek heilt feil, så trur eg nok det blir ein del meir dugnadsjobbing på meg her enn kva det var i Oslo. Slår du opp på dugnad i ordboka, er eg nemleg ganske sikker på at det kunne stått “Sjå også Breim”.

Dei heilt store uventa konsekvensar har det kanskje ikkje vore, men det har i stor grad vore berre positive følgjer. Sjølv om eg er sikker på at det er ekstra kaldt å fylle diesel på ein måndagsmorgon. 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Uventa konsekvensar av heimflytting”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt