Snart jul, igjen…

Ingrid Husum

Skrive av Ingrid Husum - (14.12.2009)

Ingrid Husum flytta nettopp tilbake til heimbygda Sogndal og er no tilsett som trainee i FoU- og kvalitetsavdelinga hjå Lerum. Ingrid har teke ein bachelorgrad i MATteknologi ved Høgskulen i Sør-Trøndelag og har fagbrev som kokk.

’Jul, jul, strålande jul…’ Tonane strøymer ut frå radioen. I dag skriv me allereie 11. desember, og kanskje kjem jula som julekvelden på kjerringa dette året?

Snart jul, igjen…

Kvart år tenkjer eg at ’i år skal eg bli tidleg ferdig med julegåvene’, men kvart år blir lista med gåver som skal kjøpast (eventuelt lagast) lengre og lengre mot slutten av adventstida. For det er da så kjekt å gi bort gåver til nære og kjære! Men når kreativiteten tek overhand, blir det vanskeleg å prioritera kva julekort som skal skrivast og kva prosjekt som kan fullførast før jul, og kva som eventuelt må bli gåver til neste julefeiring eller kake på fata i 2010. Hadde berre døgnet hatt fleire timar, no fram mot jul…

På jobb er julestemninga på plass. Julepynt, juletre, JULEBRUS, peparkaker og julegodt fyller augo, nasen og munnen med gode minner og gir god stemning. Praten går om julegåver, julefeiring, julebord og julemat, og jammen har oppskrifta på julegløggen nådd nettsida vår! Denne må prøvast i helga ;) På lageret er kvar dråpe julebrus no sendt ut til butikkane, så det er berre å ’løpe og kjøpe’ dersom Lerum sin julebrus er det som skal til for å laga jul i din heim.

Men ein ting manglar me foreløpig for å få julestemninga komplett: SNØ! I fylgje langtidsvarselet til Yr og Pent kan me håpa på kald, kvit nedbør i løpet av veke 51. Til mange si glede, men også til mange sin bekymring. Sjølv må eg innrømma at mildværet i november og desember har komme godt med, når utvendig og innvendig (akk svært luftig) oppussing pågår. Forhåpentlegvis kjem dei siste utvendige listene rundt nye vindauge på plass før jul, og gir eit lunare hus inn i det nye året ;)

Det nye året ja, kva vil det bringe? To-tusen-og-ti, tjue-ti, hm…. Smakar litt på talet. Veit ikkje heilt om eg likar det. Har liksom nettopp vendt meg til å skriva 2-0-0-9. Men eit nytt år kjem saman med nye moglegheiter og nye utfordringar. For min eigen del, for Lerum og for Framtidsfylket veit eg at det nye året vil bringa mengder av moglegheiter og kanskje like mange utfordringar, og eg gledar meg til å sjå kva retning det heile har teke når også tjue-ti går mot hell.

Frå førjulsbobla vil eg ynskja deg ei fortsatt fin førjulstid og eit SAFTig godt nytt år!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Snart jul, igjen…”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt