Tenestedyktig?

Ingrid Husum

Skrive av Ingrid Husum - (26.02.2010)

Ingrid Husum flytta nettopp tilbake til heimbygda Sogndal og er no tilsett som trainee i FoU- og kvalitetsavdelinga hjå Lerum. Ingrid har teke ein bachelorgrad i MATteknologi ved Høgskulen i Sør-Trøndelag og har fagbrev som kokk.

Datoen nærmar seg og det er ingen veg tilbake. Tre veker ikledd uniform og marsjstøvlar. Tre veker med kantinemat, førelesningar og praktiske øvingar. Men kvifor meg? Det heile starta ein ganske vanleg fredag i oktober…

Tenestedyktig?

Fredag er vanlegvis ein fin dag. Alle er i godt humør og fortel om planar for helga, som helst skal vera lang og innhaldsrik. Slik var også denne fredagen i oktober, da eg tusla innom postkassen på veg heim frå jobb. I postkassen låg eit brev adressert til meg, men frampå konvolutten lyste logoen til Sivilforsvaret mot meg. ”Dette må vera sendt feil” tenkte eg på veg innomhus, men det var det ikkje… Forbausinga, sjokket og hakesleppet auka på di meir eg les av brevet, som på ramme alvor kalla meg inn til fordelingsmøte, med truslar om straff om eg ikkje møtte. Som du sikkert forstår blei ikkje denne helga slik eg hadde tenkt. Det var ingen veg utanom, eg måtte møta til fordelingsmøte.

Dagen for fordelingsmøtet, som er Sivilforsvarets sesjon, kom og eg var spent. Kva er dette? Kven deler eg skjebne med? Korleis kan eg unngå å måtte stilla til teneste?

Da eg steig inn i møterommet hjå sivilforsvaret møtte eg mange par auger. Det var samla eit knippe jenter og gutar som eg trur delte tankane mine, hovudsakleg: korleis kan eg unngå tenesteplikt?  Informasjon blei gitt om kva Sivilforsvaret jobbar med, kor leiren for grunnkurs ligg og kva me skal læra. Det var ikkje snakk om å sleppa unna… Ein legeundersøking og eit intervju blei gjennomført og dommen var hard: eg er tenestedyktig…  Da spørsmålet om kvifor eg er plukka ut til dette blei stilt, var svaret: ”Menn og kvinner mellom 18 og 65 år som oppholder seg i Riket kan pålegges tjeneste i Sivilforsvaret”. Dette er vedteke ved lov i Noreg.

Sjokket tok til å sleppa taket veka etter. Eg måtte berre sjå realiteten i augo og bita tennene saman.

Etter kvart som eg delte ”nyheita” med venner og kjende dukka det opp stadig fleire som delte skjebne med meg, og eg fekk vita meir om kva eg kunne forventa meg. Mange hadde grua seg både lenge og mykje til det tre veker lange grunnkurset, men dei fleste fekk ei positiv oppleving når dei først var på plass og i gang med kurset. Eg håpar dette blir realiteten også for meg.

Snart må eg altså forlata Sogn til fordel for tre veker med uniform, kantinemat og førelesningar. Ønsk meg lykke til.

(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Tenestedyktig?”

Jenny Farsund Storvik sier:

Lykke til!

Grethe K. Lerum sier:

Lykke til, Ingrid... Dette går so bra so. Ferdig mat fleire gonger om dagen, avslapping og trening. Høyres no fint ut det..:-)

Student sier:

Dette var jo tårevått! Tenk likevel på alle gutane som må inn eit heilt år i strekk + heimevern. Dette tek du ikkje skade av!

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt