Tenestedyktig? Del 2

Ingrid Husum

Skrive av Ingrid Husum - (12.04.2010)

Ingrid Husum flytta nettopp tilbake til heimbygda Sogndal og er no tilsett som trainee i FoU- og kvalitetsavdelinga hjå Lerum. Ingrid har teke ein bachelorgrad i MATteknologi ved Høgskulen i Sør-Trøndelag og har fagbrev som kokk.

Sivilforsvaret… Ordet har fått nytt innhald. Sidan førre innlegg har eg fått grundig innføring i Sivilforsvarets arbeid og ansvar.

Tenestedyktig? Del 2

Sjølv om innrullering i Sivilforsvaret på ingen måte var sjølvbestemt eller frivillig, har eg etter eit tre veker langt grunnkurs fått litt meir sansen for det.

Dagen for avreise til Vagleleiren og kurs kom, kofferten var pakka og forventningane var blanda med spenning og nysgjerrigheit. Tidleg på morgonen sjølve kvinnedagen møtte eg mange par spente auger i frukost-salen, og to par auge fatta umiddelbart mi interesse: mine to einaste kvinnelege kurs-kollegaer. Jentene heldt saman, men blei fort kjende med kursets 19 gutar.



22 personar møtte til grunnkurs, som slett ikkje var nokon kvileheim. Undervisninga kom raskt i gang og allereie i første time fekk me utdelt store mengder utstyr og klede: grå uniform, makkoundertøy og feltstøvlar, hjelm og gassmaske. Me blei umiddelbart ein del av den store, grå massen.


Det var tungt å vera tilbake på skulebenken. Dei første dagane med mykje teori blei lange, men heldigvis avløyste av mangfaldige kaffipausar og ein framifrå lunsj. Teorien blei etter kvart erstatta med ein del praktiske øvingar, som gjorde det lettare å læra og hugsa detaljane: ”…gass først, så kløtsj og litt meir gass på denne pumpa, sterile kompressar før trekanttørkle på opne brotskadar….” osb.

Eit av lyspunkta mellom kaffipausane var dei mange instruktørane ved leiren. Alle hadde sin personlegdom og dei glimta stadig til. Dei heldt oss vakne mellom slaga, losa oss trygt gjennom både pumper, slangar, telt, 'heater' og helt elles styr på at me hadde jakka lukka og lik uniform ved oppstilling klokka 07.55. Dei fleste utmerka seg positivt, med lun humor, gode dømer, mange illustrasjonar (ikkje alle egna seg for sarte sjeler, her var det ingen sensur!) og livserfaring i lange baner. Instruktørane hadde svært ulik bakgrunn, frå sjukepleiar, songpedagog, politiet og hæren, noko som gjenspegla seg i undervisningsform og framtoning.

Etter å ha drukke utallige koppar kaffi og te, vandra i skogen med kart, kompass og GPS, sløkt fiktive brannar og spjelka utallige bein, blei me alle godt kjende med kvarandre. Å dela denne skjebnen knytte oss saman og skapte vennskap på tvers av fylkesgrenser og dialektar, og dei aller fleste lærte seg å forstå ”sognamaol” etterkvart! *glis*

At eg skulle læra så mykje på disse tre vekene hadde eg ikkje trudd. Heller ikkje at så mykje av det eg lærte også kan nyttast utanfor sivilforsvarsteneste. Så når eg no blar om til neste side for å ta til på eit nytt kapittel gjer eg det med særs godt samvit og mykje ny kunnskap. For ikkje å gløyma nye vennskap, takk til instruktørane og mine kurs-kollegaer som gjorde dei tre kursvekene til ei fin oppleving!

Dersom du ein dag finn eit brev i postkassen med logoen til Sivilforsvaret på, så ta det heilt med ro. Det går bra.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Tenestedyktig? Del 2”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt