Ein omsetjars kvardag

Jorunn Seim (tekst og foto)

Skrive av Jorunn Seim (tekst og foto) - (04.05.2011)

Jorunn Seim er opphavleg frå Årdal. Ho er utdanna omsetjar og har rundt 15 års erfaring som omsetjar, teknisk forfattar og prosjektleiar. Sidan 2009 har ho drive Språkbruket i Førde.

I eit tidlegare blogginnlegg har eg vore inne på at ein omsetjars kvardag ville vore dårleg fjernsyn. Men korleis er eigentleg ein typisk dag for ein omsetjar i Førde? Lat meg invitere dykk med på kontoret mitt måndag 2. mai 2011.

Kl. 07.55 kjem eg inn døra til kontoret. For eit drygt år sidan valde eg å flytte arbeidsplassen ut av heimen, og det har eg ikkje angra på. No har eg mitt eige rom i eit kontorfellesskap der eg deler kjøkken og møterom med andre små bedrifter. I dag er eg førstemann på jobb, og eg tek ansvar for å rydde litt på kjøkkenet og setje på oppvaskmaskina før dei andre kjem. Deretter opnar eg innboksen og ser om det er meldingar eg må svare på. I dag er det lite, og det heng nok saman med at eg arbeidde nokre timar på søndag ...


Kl. 08.15 set eg i gang med det som hastar mest: språkvask av nokre dokument. Språkvask handlar om å redigere tekstar for å sikre at dei har korrekt grammatikk og rettskriving, at språket flyt godt, og at tekstane er tilpassa målgruppa. Desse dokumenta inngår i eit stort prosjekt, og eg har lovd å levere nokre forslag til kunden i god tid før onsdag. Då skal vi nemleg ha eit møte for å diskutere vidare framdrift på prosjektet med utgangspunkt i mine forslag.


Kl. 09.00 har eg sendt forslaga til kunden, og sidan vi akkurat har gått over i ein ny månad, må eg bruke litt tid på kontorarbeid. Eg sender ut fakturaer for april månad, kontrollerer at eg har kontroll på alle vedlegg som rekneskapsføraren kjem til å trenge, sjekkar om alle kundar har betalt for seg, og betaler nokre rekningar sjølv, inkludert forskotsskatt. Då eg var fast tilsett, var det alltid arbeidsgivaren min som tok seg av slikt, medan eg kunne konsentrere meg om å bruke det eg fekk utbetalt. Som sjølvstendig næringsdrivande må eg heile tida passe på at eg held av pengar til skatt, moms, forsikring, pensjon osv. Det er veldig uvant, må eg innrømme, men så langt har eg kontroll.

Kl. 10.25 har eg fått unna kontorarbeidet for denne gongen, og eg gyv laus på dei siste av ein masse spørsmål eg har fått frå ein kunde eg gjorde ei omsetjing for tidlegare i vår. Det er eit viktig dokument med lang levetid, så kunden har sett ned ein komité som skal diskutere omsetjinga og komme med tilbakemelding. Dei har gått veldig grundig til verks – dei lurer mellom anna på kva som er best av "flott" og "utmerkt" – og eg må ta stilling til heile 124 punkt. Det er sjeldan ein møter på så engasjerte og kvalitetsmedvitne kundar. Dei beste resultata oppnår ein vanlegvis i samarbeid med kunden, så dette lover bra.

Kl. 11.20 må eg lese korrektur på ei lita omsetjing som har frist i dag. Teksten er liten, men svært spesialisert, så omsetjinga har etter måten teke lang tid. Igjen er eg så heldig å stå overfor ein kvalitetsmedviten kunde som bidreg med både terminologilister dei har laga sjølv, og svar på spørsmål eg har stilt om innhaldet. Etter korrekturen gjer eg dei siste rettingane og leverer teksten.

Kl. 12.05 er eg så svolten at eg held på å svime av, så det er på tide med lunsjpause. I dag er det – i tillegg til meg sjølv – berre revisorane inst i korridoren som er på kontoret, og dei klarer visst ikkje å rive seg laus frå tala sine heilt enno. Derfor blir det lunsj i einsam majestet i dag, men sjølv om det ikkje er utprega sosialt, er det likevel godt med ei pause frå arbeidet.

Kl. 12.25 har eg ete opp nistepakka, og det er på tide å gjere nytte for seg att. Eg begynner med kvalitetssikring av eit prosjekt som ikkje har noko med omsetjing eller språk å gjere: Eg har teke på meg å formatere ei handbok. Omsetjarar må ofte klargjere produkta sine til publisering, så formatering er ikkje nytt for meg, men det er sjeldan eg berre gjer den delen av jobben. Men eg set pris på varierte arbeidsoppgåver, så dette er berre kjekt!

Kl. 13.30 fortset eg på eit tilbod eg begynte på ved påsketider, og som eg må sende frå meg denne veka. Tilbod er litt som puslespel: Du må hente inn informasjonen kunden ber om, til dømes få tak i referansar, foreslå ein måte oppgåva kan løysast på, rekne ut kor lang tid du treng, og setje ein pris på det heile. Det er mykje å tenkje over, og av erfaring er det ikkje smart å utsetje alt til siste dagen. Derfor tek eg det litt innimellom.

Kl. 14.40 kan eg endeleg begynne på det som er hovudprosjektet mitt denne veka og neste: Eit stort omsetjingsprosjekt der temaet er organisasjon og leiing. Temaet er interessant, og eg har godt referansemateriale. Derfor kjem eg godt i gang, og eg ser positivt på resten av prosjektet.

Kl. 15.50 begynner eg på "dei faste postane": timeliste, sikringskopiering og plan for neste dag. Deretter tuslar eg heimover for å ete middag og begynne på dette blogginnlegget.

Har dette vore ein typisk dag for meg? Både ja og nei. At eg jobbar med mange forskjellige prosjekt – og ikkje berre med omsetjing – er vanleg, men akkurat i dag har det kanskje vore litt mindre produksjon enn det vanlegvis er. Det skuldast først og fremst at det er første dag i ein ny månad, og at eg må få unna litt kontorarbeid. Det heng igjen saman med at når du driv eit enkeltpersonføretak, har du mange forskjellige roller: I tillegg til å ta deg av produksjonen må du vere dagleg leiar, sentralborddame, marknadsføringsansvarleg, økonomiavdeling, webredaktør, reinhaldar, IT-ansvarleg osv. Det kan vere krevjande, men det er lærerikt – og ikkje minst motiverande når du ser at innsats nyttar.

Men no er det på tide å kople av med noko heilt anna, for allereie i morgon kjem det ein ny arbeidsdag med nye utfordringar!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ein omsetjars kvardag”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt