Ein veit aldri kva framtida vil bringe

Jorunn Seim

Skrive av Jorunn Seim - (24.09.2010)

Jorunn Seim er opphavleg frå Årdal. Ho er utdanna omsetjar og har rundt 15 års erfaring som omsetjar, teknisk forfattar og prosjektleiar. Sidan 2009 har ho drive Språkbruket i Førde.

Nyleg var eg på jubileum saman med gamle medstudentar. Sjølv om det var mange år sidan sist vi såg kvarandre, kjendest det som om det var i går. Likevel kunne vi konstatere at mykje hadde skjedd. Og ikkje alt var planlagt.

Ein veit aldri kva framtida vil bringe

Det var ein gong 20 unge og håpefulle som bestemte seg for å studere fagomsetjing. I løpet av studiet begynte det å ane oss kva vi hadde gitt oss ut på, for slik er det ofte: Du vel noko du tykkjer høyrest interessant ut, men kva det eigentleg går ut på, veit du ikkje før etterpå. Nokre bestemte seg faktisk allereie mens dei studerte, for at dei ville gå i ei anna retning seinare.

For 15 år sidan tok vi avsluttande eksamen og fekk papir på at vi kunne brukast som fagomsetjarar, men dette var på den tida Noreg nett hadde sagt nei til EU. Derfor var ikkje utsiktene til å få seg arbeid som omsetjar dei beste. Ved hjelp av eige pågangsmot og ein god porsjon tolmod kom likevel alle i arbeid. Men ein gong omsetjar, alltid omsetjar? Ikkje nødvendigvis ...

For eit par veker sidan var vi samla igjen. Sjølvsagt arbeidde mange av dei frammøtte framleis med språk, men blant oss hadde vi òg til dømes ein IT-konsulent, ein kosthaldsrettleiar og ein styrmann. Også geografisk var det stor spreiing, men felles for oss alle var at dersom nokon for 15 år sidan hadde fortalt oss kva framtida hadde å by på, hadde vi neppe trudd på dei.

Sjølvsagt er det mange som har teke medvitne val når dei har flytt eller bytt arbeid, men mykje er òg heilt tilfeldig. Sjølv er eg ein av dei som har vore uoriginal nok til å bruke omsetjarutdanninga til å arbeide som omsetjar, men det var to ting eg ikkje ville sett brurekista mi på då eg var nyutdanna: at eg skulle ende opp i Førde, og at eg skulle bli sjølvstendig næringsdrivande.

Det var så til dei grader aldri planen. Likevel er det nettopp det eg gjer. Og mange spør meg om det er liv laga å drive med slikt ute i distrikta. Eg veit sjølvsagt ikkje korleis det vil fungere på lang sikt, men 1. oktober feirar verksemda mi 1-årsjubileum, og så langt har det gått fint. Å selje språktenester er ikkje noka gullgruve, men eg klarer å leve av det. Ikkje først og fremst takk vere kundar i Sogn og Fjordane, men eg er glad for dei som finst! Fleire er velkomne, men eg innser at det tek tid å byggje opp ein ny marknad.

Eg begynte forsiktig med kontor i eit hjørne av stova, men etter kvart kjende eg meg såpass trygg på det eg dreiv med, at eg tok sjansen på å leige meg kontor i Førde sentrum. Det kjennest godt å ha ein ordentleg arbeidsplass, og etter ei stund på heimekontor er det stor stas å vere del av ein kontorfellesskap der eg ser folk kvar einaste dag! Og dersom eg samanliknar situasjonen med det han var for eitt år sidan, er det mykje anna å gle seg over òg. Det går sakte, men sikkert i rett retning!

Livet mitt har heilt klart forandra seg sidan eg hadde fast jobb som omsetjar i Oslo. Men angrar eg på at eg la om kursen? Nei. Det er sjølvsagt ting eg saknar frå den tida, men samstundes opnar det seg nye mogelegheiter.

Men om eg hadde angra, hadde det vore verdas undergang? Neppe. Det er som kjent inga skam å snu. Ein klok person har sagt at det finst ingen feile val, berre nye val. Eg trur ein har godt av litt forandring innimellom, og det er i alle fall ingen ting å vere redd for! Det kan både eg og mine gamle medstudentar skrive under på.

PS: Lurer du på kva blomsterbiletet har med saka å gjere? Ikkje noko anna enn at eg er veldig stolt av dei fine solsikkene eg greidde å dyrke fram i sommar – ei av mange positive overraskingar i seinare år!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ein veit aldri kva framtida vil bringe”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt