Kulinariske utfordringar i integreringsprosessen

Jorunn Seim

Skrive av Jorunn Seim - (05.04.2011)

Jorunn Seim er opphavleg frå Årdal. Ho er utdanna omsetjar og har rundt 15 års erfaring som omsetjar, teknisk forfattar og prosjektleiar. Sidan 2009 har ho drive Språkbruket i Førde.

Kva skal til for å bli ein ekte vestlending? Marco og eg trudde vi begynte å få taket på det, men så oppdaga vi noko vi hadde gløymt ...

Kulinariske utfordringar i integreringsprosessen

Vi har verkeleg prøvd: Vi tuslar rundt i regnklede, lagar våre eigne sveler, kjøper kortreist mat på Bondens marknad og har vore på folkemusikkarrangement. Marco har til og med fått smaken på gammalost, medan eg har strekt meg så langt som til å høyre heile "Stao no pao" på YouTube. Men på eitt viktig punkt har vi altså svikta.

Eg burde skjønt det allereie i fjor haust. Ei av dei eg deler kontor med, hadde plutseleg raspeballar til lunsj. Eg må ha sett litt spørjande ut, for før ho kasta seg over dei, tok ho seg tid til å forklare: "Det er torsdag." Utan at eg blei særleg klokare av den grunn. Ikkje tenkte eg noko meir over det heller.

Inntil for eit par veker sidan. Då var fleire sunnfjordingar samla på eitt brett – pluss oss to novisene. Samtalen kom inn på raspeballar. Marco hadde ikkje smakt det, men han blei fort tilgitt. Det er trass alt mykje å setje seg inn i når ein kjem til eit nytt land, og sjølv sunnfjordingar innser at potetballar kjem eit lite stykke ned på lista. Så langt var alt vel.

Samtalen fortsette med at alle skulle forklare dei andre kva som var det rette tilbehøret til raspeballar. Bacon, saltkjøt, kålrotstappe, sukker, sirup – kreativiteten ville ingen ende ta. Og spørsmålet måtte sjølvsagt komme: "Kva et du saman med raspeballar, Jorunn?" Lett raud og stammande måtte eg innrømme at eg aldri hadde smakt det.

Det blei heilt stilt. Og det var stilt lenge, heilt til nokon summa seg og fekk stilt det naturlege spørsmålet: "Men kvar i alle dagar har du budd hen?" Svaret er fleire plassar, og det snodige er at på mange av desse plassane har nettopp ulike former for potetballar vore ein lokal spesialitet. Så kvifor har eg aldri smakt det? Eg veit ikkje. Eg har ete mykje rart og har ikkje medvite prøvd å unngå raspeballar, men det har liksom aldri blitt til det.

Men på reaksjonane eg fekk, har eg skjønt at Marco og eg må leggje ut på ei lita kulinarisk reise. På ein torsdag. For at det er den offisielle raspeballdagen – ja, det er noko alle veit. I alle fall har vi lært det no!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Kulinariske utfordringar i integreringsprosessen”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt