O’ jul med di glede!

Karoline Aldis Bjerkeset

Skrive av Karoline Aldis Bjerkeset - (15.12.2010)

31 år, opprinnelig frå Kleive i Molde kommune. Utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo sommar 2006 med vekt på offentleg forvalting. Har og mellomfag i sosiologi og grunnfag i tysk. Vore aktiv ungdomspolitikar i Senterungdommen og Senterpartiet sin Hovudorganisasjon i Oslo og arbeidd som politisk rådgjevar på næring i Senterpartiet si stortingsgruppe. Flytta til Sandane i Gloppen kommune i november 2008 grunna sambuar.

- Når denne flokken inntek kantina, gangar, foaje og den store salen på huset  - då nikkar vi høgare opp i etasjane og tek oss ein mandarin og gler oss til juleferie, bloggar Karoline Bjerkeset.

O’ jul med di glede!

Det ligg tungt gråvêr utover fjella frå kontoret mitt i dag. I første etasje er det fylkesting på andre dagen – det såkalla ”desembertinget”. Dette er fast og vert halde på Leikanger på Fylkeshuset kvart år. Det er eit sikkert juleteikn for oss som arbeider for desse folkevalde representantane. Når denne flokken inntek kantina, gangar, foaje og den store salen på huset  - då nikkar vi høgare opp i etasjane og tek oss ein mandarin og gler oss til juleferie.

Eg har nett signert ei tre års kontrakt på jobb og veit med sikkerheit at eg framover skal sjå årstidene skifte i alle fall tre gonger framover her på Leikanger. Eg er tilfreds med valet mitt og kjem til å få nokre interessante år framover i fylkeskommunen. I grunn så er det og kjekt no når eg har fått pendlinga inn i døgnrytmen og kryssar fogderigrensene så lett som berre det og har kjekke kollegaer på jobb som eg ville sakna stort om eg ikkje skulle vere der lenger.

Eg har eit usedvanleg stabilt liv for tida med omsyn til kva eg syslar med i helgene. For å legge ekstra press på meg sjølv har eg lova å stille med hus til det årlege romjulsfamilietreffet med alt som kan krype å gå av tanter, onklar, nieser og nevøar og syskenborn av mannen min. Det innebar at ei stove som låg i ruinar av gipsrestar, taklaus og utan strøm i slutten av september skulle framstå i ny drakt til jul.

Svigerfar min var noko skeptisk og var kan hende ikkje den store optimisten når det gjaldt å få dette ferdig, men jammen har han jobba på for å få det til no på slutten.  Stue og gang har vore eit samansurium av målingsbøtter, kappsager, verkty, måla lister og umåla lister og ikkje minst pussestøv. Den stakkars katten vår har ikkje vore heilt seg sjølv og har i grunn likt best å ligge inne på badet under ein kleshaug som ingen har hatt tid til å ta opp for å få fred og ro.

Det har vore ein fast timeplan på alle kveldar frå torsdag til søndag dei siste to månadene. Det er alltids ei list som skulle blitt måla eller noko skrot som skulle vore kasta. Så har eg i grunn og kome fram til at eg vil måle alt sjølv (stolar altså ikkje heilt på andre enn meg sjølv). Det medfører då sjølvsagt at det vert 12 timar med målingsarbeid ein laurdag og at innkjøp av handleddsstøtte måtte gjerast.

Men: resultatet vart bra og eg går no rundt med falkeblikk for å sjå om det er noko som må penslast litt over eller om det er flekkar ein eller annan stad. Og stakkar elektrikar om han har skrapa opp når han har lagt ledningar! Eg veit og at i det omtala juleselskapet kjem eg heilt sikkert til å ynskje at vi alle set ute på gardsplassen og et slik at ingen skrapar opp verken golv, veggar eller lister. Kanskje vi eigentleg berre skulle flytte ut i fjøsen når eg tenkjer meg om – slik at det ikkje vert øydelagt no når vi endeleg har fått det i orden?

Sidan det er første jula i eige hus, har det og vore på plass med innkjøp av diverse julegreier vi kom på at vi ikkje hadde. Juletrefot og juletrelys til juletre av normal og stor størrelse måtte til. Systra og mannen påstår at eg er som ei skjære i smaken – alt som glitrar i sølv er fint og då skjønar de vel at jula med glitter og stas er favorittida. Eg har ikkje tal på juledukar, stjerner, glitter og kuler eg har kjøpt inn, men juletrefoten var av støypejern. Her skal det sikrast at juletreet ikkje velt overende midt i middagen! Så får vi berre passe på at vi ikkje skrapar opp golvet sjølvsagt. 

Ha ei retteleg god jul, ét med de maktar og få med dykk Tre nøtter til Askepott!

 

(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “O’ jul med di glede!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt