Destinasjon Brüssel

Oddne Skrede. Foto: Thomas Bickhardt, bickfoto.no.

Skrive av Oddne Skrede. Foto: Thomas Bickhardt, bickfoto.no. - (29.04.2011)

24 år, kjem frå Jølster. Trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har ein mastergrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen, med spesialisering i makroøkonomi og finansiell økonomi. Skal som trainee i hovudsak jobbe med risikostyring og finans, men skal òg innom meklarbord for valuta og aksjar, økonomiavdelinga og banken sitt investeringssenter i løpet av året. Er musikkinteressert, og likar elles å bruke fritida til å trene, køyre på ski eller gå fjellturar.

EU er hovudtemaet denne gongen, noko som ikkje er heilt tilfeldig. Framtidsfylket sine traineear har nemleg vore på studietur!

Som samlingsstad for fleire av organa i den europeiske overnasjonale organisasjonen, er Brüssel ein naturleg destinasjon for dei som vil undersøkje korleis EU diskuterar, utformar og vedtek politikk for europeiske land. Det var nettopp dette årets trainee-kull skulle studere.

Som eit politisk engasjert menneske har eg interesse for demokrati og tilhøyrande stats- og organisasjonsbygging. Spesielt interessant synest eg det var å få innblikk i samansetnaden av politiske grupperingar i EU i forhold til representasjonen frå dei respektive landa, sett i samanheng med kva for politikk som kjem ut av slike prosessar og samarbeid.

Mellom anna vart vi viste rundt på ein av EU-bygningane, med tilhøyrande forklaring av organisasjonsstruktur og -prosessar i unionen. Omfanget av dette politiske organet er stort, der dei mest sentrale er  Parlamentet, Kommisjonen og det Europeiske Rådet. Ein får med seg ein heil del om EU gjennom til dømes å følgje med i media, men ved å vere fysisk til stades får ein eit rikare syn på korleis organisasjonen arbeider. 

Det mest innsiktsgivande under turen var kanskje innblikket i kor mange bedrifter, organisasjonar, byar og regionar som jobbar for å fremje sine interesser gjennom EU-systemet. Vest-Norges Brüsselkontor er eit døme på desse, og som ein kunne vente ut frå namnet, søkjer kontoret å formidle informasjon om det som skjer i EU/EØS samt synleggjere Vestlandet opp mot EU-systemet. Vi vart orienterte om arbeidet kontoret gjer, samt om saker som er aktuelle for Vestlandet.

For å gje nokre ytterlegare eksempel på føredraga, kan eg nemne at finansråd Kari Anita Syverud og miljøråd Knut Fredrik Kroepelien ved Den Norske EU-delegasjonen snakka om høvesvis økonomisk politikk og miljøpolitikk i EU-systemet. Vidare fekk traineeane høyre om  arbeidet NHO og Statoil gjer i Brüssel for å fremje sine interesser.

Trainee-kullet deltok òg på ein større energikonferanse som vart arrangert i Brüssel då vi var der. Underteikna deltok på ”Winds of Change in the North Sea”, og som namnet ikkje i ubetydeleg grad seier, handla denne bolken om endringa frå petroleumsbasert til vindkraftbasert energiproduksjon i Nordsjøen. På deltakarlista stod politikarar, studentar samt interesserte frå næringsliv frå ei rekkje europeiske land. 

Føredragshaldarane, som representerte politikk og næringsliv i Noreg, Storbritannia og Danmark, snakka om vindkraft i Nordsjøen frå sine respektive ståstader, og eg merka kor orienterte dei andre landa rundt Nordsjøen er mot å bygge ut ei mogleg stor framtidig vindkraftnæring i dei felles havområda våre. Mykje tydar på at det er langt fram før vi har storstilt offshore vindkraftutbygging i Noreg, men det er tydeleg at aktørar innanfor næringsliv posisjonerer seg.

Etter viktige og interessante tema på dagtid, var det tid for dei morosame på kveldstid! Kvar kveld var det tid for betre måltid på eit utval av restaurantane i Brüssel, samt litt smaking på belgisk øl! Brüssel er ein flott by, og det gjorde heller ikkje noko at gradestokken på enkelte dagar peika opp mot 20 varme i midten av april!

Eg trur eg ikkje berre snakkar på vegner av meg sjølv, men av heile trainee-kullet, når eg seier at turen til Brüssel var veldig lærerik og kjekk! 

Alle foto: Thomas Bickhardt, bickfoto.no.


Sjå omtaler av Brüssel-turen:


FAKTA:

Vest-Norges Brusselkontor AS er eigd av Foreningen Vest-Norges Brusselkontor som består av 20 kommunar, 3 fylkeskommuner (Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal), Kristiansund og Nordmøre Havn IKS, Norges Musikkorps Forbund og BKK.

Framtidsfylket Trainee:Framtidsfylket as har det overordna ansvaret for traineeprogrammet.Rundt 15 ulike verksemder er med i ordninga i 2011. Desse tilset traineen for eit år og stiller med mentor.


Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Destinasjon Brüssel”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt