På innmarsj i arbeidslivet

Oddne Skrede

Skrive av Oddne Skrede - (11.10.2010)

24 år, kjem frå Jølster. Trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har ein mastergrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen, med spesialisering i makroøkonomi og finansiell økonomi. Skal som trainee i hovudsak jobbe med risikostyring og finans, men skal òg innom meklarbord for valuta og aksjar, økonomiavdelinga og banken sitt investeringssenter i løpet av året. Er musikkinteressert, og likar elles å bruke fritida til å trene, køyre på ski eller gå fjellturar.

Tida har gått fort sidan eg rusla rundt og utforska næringslivet i heimfylket, på karrieremessa til Framtidsfylket i Grieghallen i februar. Av dei mange bedriftene som stilte opp, var det ei eg kjende betre enn andre etter fjorårets sommarjobb. Då eg fann ut at Sparebanken Sogn og Fjordane hadde traineestilling ledig, var eg ikkje i tvil om kva eg ønskte.

Ny veke, og ny avdeling. Måndag starta eg ein to-vekers hospiteringsperiode i banken sitt investeringssenter. Etter tre veker med styring av banken sine valutaposisjonar på meklarbordet, skal eg no ha ein kortare periode med opplæring på banken sine engasjement på fond og sparing. I skrivande stund er eg på mi åttande veke som trainee, og har fått smaken på kva det handlar om.

Som trainee opplever eg at eg er i ferd med å få taket på arbeidet, og så skal eg brått over på ei anna avdeling for å nærast starte på nytt igjen, med eit nytt fagområde. Eg opplever læringsmetoden som krevjande, men eg føler eg lærer særs mykje på kort tid – det er motiverande å jobbe på denne måten.

Eg heldt lenge mange dører opne med omsyn til kva bransje eg skulle jobbe med etter studiet, eller meir overordna om eg skulle jobbe i offentleg eller privat sektor. Ei ”sjå-det-litt-an-haldning” kan vel best beskrive kva eg tenkte om framtidsutsiktene. Det er vel slik for mange studentar. Etter kvart viste finansnæringa seg som den som passa best med mine faglege interesser og framtidige ambisjonar.

Til no har møtet med Sparebanken Sogn og Fjordane vore veldig positivt. Bedrifta står fram som ein dyktig aktør på bankdrift, og har eit veldig bra arbeidsmiljø.

Å vere nyutdanna i sin første jobb er spesielt. Dette er høvet for stadfesting eller avkrefting av oppfatningar som har bygd seg opp gjennom årevis med studium. Stort sett er overgangen frå studentliv til arbeid som forventa. Eg blir som regel ikkje veldig overraska over faglege aspekt ved det eg lærer i jobben (det ligg vel litt i korta ettersom eg faktisk er utdanna til det), men det er klargjerande og inspirerande å sjå korleis bedrifter jobbar med økonomirelaterte emne i praksis. Elles merkar eg jo at sommar- og deltidsjobbar er det næraste eg har vore arbeidslivet til no. For ein som ikkje tok noko friår med heiltidsjobbing eller liknande er det ein merkbar overgang. Ein vert ei erfaring rikare av det.

Første traineesamling er gjennomført. Det var som om sommaren var komen tilbake til Smørhamn i Bremanger denne helga tidleg i september, for staden viste seg frå seg beste side i den strålande sola. Traineekullet er ein gjeng med til dels ulik bakgrunn, men med same utgangspunkt: At vi er nokolunde nyutdanna og ferske i bedriftene vi startar i rundt om i fylket. Erfaringsutveksling om arbeidet i bedriftene var tema under samlinga i Smørhamn, og vert endå viktigare framover gjennom året. Slik sett er det ein fordel at vi alle er i same båt: Forståinga for kvarandre sine arbeidssituasjonar vert truleg betre.

Vi har tre samlingar att, i tillegg til ein lengre studietur. På samlingane vert vi i tillegg betre kjende med stader i fylket vi kanskje ikkje har sett før, som gjerne er veldig annleis enn dei vi kjem frå. Lokaliseringa av samlingane ved naturflotte omgjevnader, kombinert med bedriftsbesøk hjå engasjerte menneske som ønskjer å skape noko, viser fylket frå det verkeleg spanande perspektivet.

Eg gler meg til resten av året som trainee!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “På innmarsj i arbeidslivet”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt