På leit

Oddne Skrede

Skrive av Oddne Skrede - (03.03.2011)

24 år, kjem frå Jølster. Trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har ein mastergrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen, med spesialisering i makroøkonomi og finansiell økonomi. Skal som trainee i hovudsak jobbe med risikostyring og finans, men skal òg innom meklarbord for valuta og aksjar, økonomiavdelinga og banken sitt investeringssenter i løpet av året. Er musikkinteressert, og likar elles å bruke fritida til å trene, køyre på ski eller gå fjellturar.

Februar kvart år er månaden for Framtidsfylket sine karrieremesser. Sparebanken Sogn og Fjordane deltok som alltid, og underteikna reiste saman med gode kollegaer til Sogndal og dei tre største byane for å snakke med våre framtidige medarbeidarar!

På leit

Den siste tida har vore hektisk, men samtidig veldig rik på opplevingar. Det er viktig og nyttig for bedrifta vår å vere synleg på slike arenaer – med ei kjekk utforming der vi får møte unge og flinke folk i ein setting med rimeleg høg minglefaktor.

Kva finst av private og offentlege bedrifter i fylket? Kva kompetanse treng dei? Det finst mange ulike og spanande jobbar i Sogn og Fjordane, fordelt på ulike næringsklynger. Fristar ein jobb i teknologimiljøet i Vågsøy, i finansmiljøet i Førde, eller kanskje innanfor offentleg administrasjon i Leikanger? Moglegheitene er mange. 

Med fjordtapas, i form av eit utval som spenner frå karrikrydra kylling til fisk frå Sogn og Fjordane, fekk deltakarane bokstavleg talt ein smak av fylket. Kanskje med unntak av karri og enkelte andre eksotiske ingrediensar, bar serveringa preg av å vere frå fjordfylket. Serveringa var upåklageleg, og med god drikke til!

Konkurransen vår var populær. Med iPod Shuffle som dagpremie og ein iPad som hovudpremie, har mange vore interesserte i å finne fram i eit ordkryss til kva vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er opptekne av. Premiebordet varierte noko frå stad til stad, ved at vi i Sogndal i tillegg trekte ut fire billettar til det høgaktuelle studentarrangementet Veka, til to glade vinnarar!

Under messene vart det vist ein film om bedrifter og næringar i Sogn og Fjordane, med fokus på unge menneske som har funne spanande og gjevande vegar for livet sitt. Med Finn Tokvam som forteljar er det rikeleg med humor og gode poeng! I det heile er det ein godt produsert film som sterkt kan tilrådast. Sjå den her på framtidsfylket.no!

Praten gjekk om mykje på messene. Mellom anna snakka vi mykje med dei frammøtte om kva kompetanse vi treng i bedrifta, bedriftsorganisering, trainee-stillingar og sommarjobbar. Utdanningsbakgrunnen til messedeltakarane er ulik og spanande. Banken treng kompetanse innanfor mange ulike fagområde – i takt med at Sparebanken Sogn og Fjordane har vakse til å bli ein av landets ti største sparebankar, er arbeidsmoglegheitene mange og varierte, og ytterlegare viser fordelane seg gjennom plasseringa av hovudkontoret i fylket. 

For bedriftene er messene ein viktig arena for konkurranse om den viktigaste ressursen – dei kloke og kreative hovuda som skal utvikle Sogn og Fjordane slik fylket skal vere i framtida. Kva vi skal jobbe med, kva vi skal leve av og kven vi skal vere.  Korleis skal næringsstrukturen vere i fylket i framtida? Kva skal gje lønsemd og arbeidsplassar? Korleis skal vi framstå for omverda – eller sagt på ein annan måte – kven skal vi vere?

Utviklinga er spanande, og den treng dei rette ressurspersonane. Etter fire messer er eg ikkje i tvil om at det finst unge og flinke folk der ute som skal definere kva Sogn og Fjordane skal vere i framtida (det var eg i og for seg ikkje tidlegare heller). Eg trur samtidig at mange får auga opp for kva som finst i fylket, og at variasjonen i naudsynt kompetanse kanskje er større enn kva mange trur.

Det har vore fire kjekke og nyttige messer for oss i Sparebanken Sogn og Fjordane, og eg blir lite overraska om vi stiller neste år òg!

 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “På leit”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt