Persillebonden

Jorunn Seim

Skrive av Jorunn Seim - (20.09.2011)

Jorunn Seim er opphavleg frå Årdal. Ho er utdanna omsetjar og har rundt 15 års erfaring som omsetjar, teknisk forfattar og prosjektleiar. Sidan 2009 har ho drive Språkbruket i Førde.

Noko av det beste ved å bu på ein mindre plass er at det er mogeleg å bu sentralt og likevel ha tilgang til hage. Og i hagen kan ein dyrke sine eigne grønsaker!

Som sagt, så gjort. Vi laga ein liten, men feiande flott kjøkkenhage og sette i gang med stor entusiasme. Sjølv om sommarvêret var til dels elendig her i vest, putla vi på. Og jammen er det moro når ein ser resultata av eige arbeid – sjølv om resultata kanskje ikkje var så imponerande ...

 Lat meg presentere årets avling:

  • 2–3 nevar dill
  • 3 porsjonar salat
  • 3 jordbær
  • 2 agurkar*
  • 132 rips
  • 3–4 nevar basilikum
  • mykje persille – årets klare avlingsvinnar!

* Men agurkplanta Arnold, som får bu inne i stova og derfor ikkje er så utsett for vêr og vind, har enno ikkje lagt ned produksjonen!

 Men viktigast av alt: Kva lærdom kan eg ta med meg vidare?

1. Vi blei ikkje sjølvberga i år heller.
2. Planter liker sol òg. Ikkje berre regn. (Høyrer de det, vêrgudar?)
3. Å reise på ferie lèt seg ikkje kombinere med å vere seriøs hagebrukar.
4. For småskalaprodusentar som oss er det meir motiverande å telje bæra enn å vege dei.
5. Reddikar må lukast med hard hand dersom det skal bli noko action under jorda òg.
6. Tabbouleh er ein ypparleg rett dersom du har god tilgang på persille.
7. Heimedyrka frukt og grønt smakar godt.
8. Heimedyrka frukt og grønt som det er lite av, kjennes eksklusivt.
9. Det går an å supplere eigen produksjon med innkjøpte varer frå profesjonelle dyrkarar.
10. Rom blei ikkje bygd på éin dag.

... og neste år satsar vi på rekordavling!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Persillebonden”

Skriv din kommentar

Siste nytt

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt