Metalgruppe frå Sogn får heavy kultursponsing
Får 450.000 kroner i turnestøtte av Norsk Kulturråd.
– Me er veldig takknemlege for at Norsk Kulturråd verdset arbeidet vårt på denne måten. Ein slik stønad er med på å skapa trygge rammer for vårt vidare arbeid med Vreid. Det betyr at det er lettare å gjennomføre produksjonar med den kvaliteten me ynskjer, seier sogningen Jarle Kvåle i Oslo-baserte Vreid til Sogn Avis.
I år skal gruppa bruke pengane til Europaturne, medan det i 2011 blir konsertar både i Norge, Europa og USA. Utpå våren kjem gruppa med plate.
Også andre artistar frå Sogn og Fjordane har fått støtte frå Kulturrådet i 2010. Mellom dei er Sigrid Moldestad frå Breim som har fått 100.000 og Britt Pernille Frøholm frå Hornindal som har fått 30.000.
(Foto: http://www.flickr.com/photos/samuelviani/ / CC BY-NC-ND 2.0)











Kommentarer på artikkelen “Metalgruppe frå Sogn får heavy kultursponsing”
Skriv din kommentar