Ny storkontrakt til skipsverftet i Hyllestad
Det færøyske reiarlaget Supply Service og Havyard Group er samde om ein kontrakt på over 300 millionar kroner. Supplyskipet som skal byggast hos Havyard Leirvik i Hyllestad, skal leverast i august 2011.
Det melder NRK Sogn og Fjordane.
I tillegg til at skipet skal byggast i Leirvik, skal også ei rekkje andre selskap i Havyard-familien levere produkt og tenester til prosjektet.
- Det er ikkje den største kontrakten vi har fått, men likefullt viktig for å sikre sysselsettinga i Leirvik. Vi har teke tak i eit design vi kan få bygd relativt kjapt og som gjer at vi kan kome tidleg i gang med å utnytte den ledige kapasiteten vi har der, seier informasjonsdirektør Gunnar Larsen.
Opprettheld kontinuitet
Skipet er ei vidareutvikling av Havyard 832 som er blitt ein stor suksess for Havyard Grup. Oppdragsgjevaren er eit innovativt selskap med røter innan fiskeri som tok steget inn i offshorebransjen gjennom å bestille det første Havyard 832 PSV designet, Eldborg som vart levert i 2009.
Havyard Leirvik vann kontrakten i konkurranse med mellom anna skipsverft i Kina. Larsen seier det ikkje er tvil om at asiatane byggjer rimelegare, men at reiarane likevel vurderer det som meir lønnsamt å få skip frå Norge.
- Det seier meg først og fremst at kompetansen vi har innan skipsbygging og design i Norge er veldig verdifull. For ein kan ikkje stikke under ein stol at vi ikkje har møtt Kineserane på priskonkurranse, men på at vi har eit betre produkt totalt, seier han.











Kommentarer på artikkelen “Ny storkontrakt til skipsverftet i Hyllestad”
Skriv din kommentar