15 år med IT-løft av fylket

publisert 20.01.2010 av Roy Sunde, Fylkesmagasinet

Nettverket IT-forum har i 15 år samla offentlege og private aktørar til felles dyst på IT-fronten i Sogn og Fjordane. Det har blant anna gjeve utteljing i form av ei breibandsdekning på 98 prosent utbygd ADSL i dag. Men, dei kviler ikkje på laurbæra.

15 år med IT-løft av fylket

Styreleiar i IT-forum, Atle Hamar (til høgre i biletet), er nøgd med kva dei har fått til, men har blikket framover.

– Sidan 2003 har det spleiselaget mellom offentleg og privat sektor som IT-forum er, generert rundt 150 millionar kroner til breiband. I dag er situasjonen slik at dei fleste har tilgang til breiband i Sogn og Fjordane, blant anna har alle offentlege skular breiband. Utbygginga av internettilbod er ein av grunnpilarane i IT-forum, og ei av dei viktigaste årsakene til at forumet vart etablert, fortel han og kjem til kjernen i suksessen.

– IT-forum Sogn og Fjordane er rett og slett eit svært velluka nettverk og samarbeid mellom offentlege og private verksemder i heile fylket, som ikkje har vore prega av fogderistrid. Vi har klart å einast om viktige prioriteringar, blant anna rundt breibandsutbygginga. Vi har berre 106.000 innbyggarar her i fylket vårt. Å skulle gjere store investeringar og bygge ut infrastruktur i ein så liten marknad krev utstrakt samarbeid mellom aktørane, og at ein dreg lasset saman. Det har vi lukkast i.

– Det er viktig at nye verksemder også engasjerer seg i IT-forum, det er med på å gje tyngde og gjennomslagskraft, fortel Stig Starheim (til venstre), som er styremedlem i IT-forum.

Grisgrendt, også digitalt sett

Det var inga sjølvfølgje at Sogn og Fjordane skulle ende opp med eit godt utbygd breiband.

– Fylket vårt låg langt bak då breiband spreidde seg i sentrale strok. Det var årsaka til at ein tok tak i situasjonen og etablerte IT-forum, som ein måte å handtere problemstillinga på, seier Hamar.

– Dagens IT-forum har større og breiare fokus enn berre breiband. IT-forum er organisert i ulike undernettverk, som blant anna helse, skule, kultur, breiband, internasjonale nettverk osv. Innan skule har ein blant anna jobba mykje med eit prosjekt som skal syte føre ein gjennomgåande digital læringsplattform frå grunnskule til høgskulenivå. Det er eit prosjekt som har kome langt, der Sogn og Fjordane er langt framme, fortel Starheim.

– Innan helse har ein jobba mykje med å få til god elektronisk meldingsutveksling mellom legetenesta i kommunane og spesialisthelsetenesta. Dette er også eit felt der fylket vårt er langt framme og har fått til mykje bra, til tross for ein del hinder, fortel Starheim og held fram.
– I tillegg har IT-forum involvert seg i internasjonale prosjekt, der ein søker å få ulike prosjekt hit. Der har Vestlandsforsking vore ein pådrivar.

– Det har blitt mange små og store prosjekt dei siste 15 åra. Blant anna koordinering av skulesektoren, og ikkje minst «misideløftet». Det er eit KS-prosjekt som har heva kvaliteten på alle kommuneportalane og lagt til rette for meir sjølvbetening på nett for innbyggarane, som skal gjere det lettare for brukarane av desse tenestene. Og E-dokumentprosjektet, eit prosjekt for å kunne sende elektroniske dokument på ein sikker måte. Det er viktig at ein innfører felles løysingar, slik at ikkje kvar enkelt kommune har si løysing. Det er ein av nøklane til suksess, ein må stå samla og ha felles satsingar. Rolla til IT-forum er å vere ein viktig pådrivar og koordinator i slike tilfelle, seier Hamar.

Møtestad

Ein viktig arena for IT-satsing i fylket er den årlege konferansen IT-forum arrangerer.

– Konferansen har blitt den viktigaste nettverksmøteplassen for byråkratar, næringsliv, politikarar og andre, for næringsutvikling innan teknologi og IT i fylket. Konferansen er ein viktig sak for IT-forum gjennom året, som vi brukar mykje tid og krefter på å legge til rette for på best mogeleg vis. Det er blitt skapt mykje i kjølvatnet av konferansane gjennom desse 15 åra, i form av idear, visjonar, kontraktar, møter mellom aktørar og nettverksbygging. Konferansen er inspirerande og motiverande for deltakarane, og gjev konkrete resultat. Målet er å gjere det til ein endå viktigare møtestad i framtida, slår Hamar fast, med gode program og spennande postar undervegs.

– IT-forum og konferansen skal vere det fremste nettverket for teknologi og næringsliv i Sogn og Fjordane, og den fremste møteplassen på feltet. Vi skal være heilt fremst på utvikling av infrastruktur i fylket, vi skal være fremst i å sette i gang prosjekt som gjev folk og bedrifter betre tenester, som gjer bedrifter og offentlege organ i fylket i stand til å drive meir effektivt og ta ny teknologi i bruk, slår Starheim fast.

Jobben er ikkje ferdig

Sjølv om ein har gjort mykje og fått mange brikker på plass er kampen uendeleg – og flytande.

– ADSL er allereie i ferd med å bli eit stakkarsleg breiband, med avgrensa kapasitet. Framtida handlar om fiberutbygging av Sogn og Fjordane. Så dette er fokus for IT-forum framover. Vi må vere med og bidra til at ein ikkje berre har breiband her i fylket, men at ein har eit framtidsretta nett og infrastruktur som toler framtidas krav, slår Hamar fast og held fram. – Samtidig er vi veldig fokuserte på at vi ikkje berre må sjå på kapasiteten, men også på kva innhald og kva tenester ein skal ha. Skal både næringsliv og det offentlege ta steg framover er ikkje kapasitet i seg sjølv nok, ein må også ha gode tenester.

– Ringen er på mange måtar slutta: Vi er tilbake der vi byrja, i startgropa på ein storstilt utbygging av breiband her i fylket. Og vi kan ikkje overlate dette til den frie marknaden, då skjer det ikkje over alt. Ein treng aktørar som legg til rette, koordinerer og står samla for at heile fylket, også grisgrendte strok, får ta del i utviklinga. Der skal IT-forum, og undergruppa Breibandforum, vere aktive framover seier Starheim.

– Å skaffe fiber til heile fylket er ein krevjande jobb. Det er krevjande nok å få det til i senter. Det hadde ikkje vore mogeleg å få til den breibandsdekninga Sogn og Fjordane har i dag utan aktørar som IT-forum, i alle fall i den tidsramma vi har fått det til i. Ein ville sjølvsagt fått til utbygging i dei større tettstadene, men det ville vore langt verre i utkantar og på mindre stader. Det vi og har sett er at det er utruleg viktig å ha to aktørar på marknaden. Telenor og Enivest har vore i konkurranse, det har skapt dynamikk og utvikling som har drive utbygginga framover. Det har vore heldig for fylket, seier Hamar.

– Fiberutbygginga er det tyngste løftet framover. Og så skal vi plukke prosjekt innan helse, skule osv der vi syns det er viktig å skape noko. Det viktigaste er at vi framleis tenkjer heilskapleg, til beste for heile fylket, og at vi skaper samarbeid, avsluttar Starheim.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “15 år med IT-løft av fylket”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt