26 år og ansvarleg for nesten ein milliard i verdiar
Trass i sin relativt unge alder, fekk Kjell Johnny Kvamme eit stort ansvar som nytilsett i Sunnfjord Energi. Det har vore mogleg fordi han har gått gradene, med å først ta fagbrev og få erfaring med arbeidet «på golvet» i energiselskapet, før han tok ingeniørutdanning og sommaren 2009 søkte seg attende til selskapet der han hadde starta som lærling.
Fakta
|
Sunnford EnergiKonsern med om lag 120 tilsette. Omsette for om lag 300 millionar kroner i 2008. Held til i Firdavegen 5 i Førde saman med Enivest, Fjordane IT, Etrygg, Geomatikk og Mediebruket. Produkt: Fornybar energi. Dette er eit produkt som er viktig for samfunnsutviklinga og som betyr mykje for folk i kvardagen. Energibransjen er ein moderne bransje med avansert teknologi på mange felt. Rekrutteringstiltak: Samarbeider med ungdomsskular, er mentor for studentbedrift, samarbeider med Ungt entreprenørskap, har ein trainee med master frå NTNU, og har mange lærlingar (enerigmontørfaget, serviceelektronikk, sal og service). Har trainee 2009/10 i Framtidsfylket Trainee. |
OPPDATERING: I 2011 vart det laga film om Kjell Johnny Kvamme og Sunnfjord Energi i samband med den store nye filmen "Karriere i Sogn og Fjordane - Framtidsfylket".
- Sjå filmen: Ung prosjektingeniør med stort ansvar
– Eg byrja som lærling i Sunnfjord Energi og trivdest utruleg godt. Der er godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer. Då eg fekk tilbodet om ei slik spennande stilling heime i Førde etter endt utdanning var valet lett. Eg er oppvaksen her, så eg er vel priviligert som har funne ein så god jobb på heimstaden som nyutdanna.
Og etter kort tid fekk han i 2009 ansvaret for kjempeprosjektet Kjøsnesfjorden Kraftverk, ei kraftutbygging til ein kostnad av 900 millionar kroner:
– Mi oppgåve har vore å planleggje korleis stasjonen skal drivast når vi overtok frå entreprenørane våren 2010. Deretter har eg det tekniske ansvaret, sa Kvamme den gongen. Men han presiserte at han ikkje er aleine:
– Med meg har eg driftsgruppa som i dag driftar fem andre kraftstasjonar hjå Sunnfjord Energi. Dei vil utføre alle rutinemessige drifts- og vedlikehaldsoppgåver.
- Meir om opninga av Kjøsnesfjorden Kraftverk på tysdag 21. september 2010
- Lyst på jobb i Sunnfjord Energi? Sjå aktuelle ledige stillingar.
Audmjuk over ansvaret
– Korleis kjennest det å bli tildelt eit så stort ansvar så tidleg i karrieren?
– Eg er audmjuk og litt stolt over å bli tildelt denne oppgåva. Eg trur nok mykje av grunnen at eg fekk jobben er at eg har vore i verksemda i mange år som lærling og på deltid under utdanninga. Så dei var godt kjende med meg.
Korleis har du blitt motteken hos Sunnfjord Energi?
– Eg er jo ikkje heilt ny i verksemda. Men eg har alltid blitt godt motteken når eg har vore innom i feriar og teke vakter då eg gjekk på skulen. Sunnfjord Energi er ei verksemd som yter ut over åtte-til-fire. Eg trur dette er med på å stimulere det gode arbeidsmiljøet. Og dei tilsette er aktivt med å påverke det, som i haust, då nokre lokalkjende arrangerte ein tur opp Lundeskaret. Vi låg i telt ved Trollavatnet og gjekk ned at til Sygnesand.
For Kvamme starta ein typisk arbeidsdag i 2009 på kontoret med gjennomgang av dokumentasjon av det nye kraftanlegget, og utarbeiding av rutinar, etterfulgt av ein tur opp i Kjøsnesfjorden for å befare anlegget. I ein slik jobb vert det og mykje viktig møteverksemd med leverandørar og andre som jobbar med prosjektet. Og 26-åringen stortrivst:
– Eg har fått ein utruleg utfordrande og varierande arbeidsdag. Eg får jobbe med mange ulike oppgåver, og enkelte av dei er gjerne innan heilt andre fagdisiplinar enn elektro. Det er veldig spennande å få vere med å køyre i gang eit anlegg av slik storleik.
Førdianaren tykkjer også det er utfordrande å drive med feilsøking på kontrollanlegga når ein av kraftstasjonane stoppar.
– Då renn vatnet forbi, og vi må jobbe systematisk og effektivt for å få starta opp igjen kraftverket. Det likar eg!
I sommar har han gledd seg over mange fine dagar oppå fjellet inst i Jølster, der kraftanlegget i Kjøsnesfjorden er.
Sjå filmen frå 2011: Ung prosjektingeniør med stort ansvar
Sjå aktuelle ledige stillingar.

–STYRER MILLIARDAR: Kjell Johnny Kvamme var 26 år i 2009, og er ekstra nøgd dei dagane han har fått vore ute på anlegg. Her står han på helikopterlandingsplassen ved eitt av dei mange bekkeinntaka som leier vatn i tunnelar gjennom fjella ved Kjøsnesfjorden, til sjølve kraftstasjonen som ligg i fjellet til venstre for vatnet. Foto: Arild Nybø, mediebruket.no.
Formelen: Først fagbrev så ingeniørutdanning
Heile karrieren hans starta då han tok til på Øyrane vidaregåande skule i Førde, på linje for elektro. Han valde sterkstraumlinja og starta etter vidaregåande som lærling hjå Sunnfjord Energi.
– Med fagbrevet i handa byrja eg på fagskulen på elkraftlinja. I løpet av åra på fagskulen dreia interessa litt over på automatisering, og eg valde å gå vidare på ingeniørskulen og tok ei bachelorgrad i ingeniørfag med fordjuping i automatisering, seier Kvamme. Han framhevar at det at han tok fagbrevet først var med og gjorde det mogleg å kunne få eit så stort ansvar så tidleg i karrieren:
– Eg meiner at det er viktig å ha ei praktisk forståing av problemstillingar ein møter som ingeniør, og spesielt det å kunne lage gode løysingar som fungerer i praksis og ikkje berre på skrivebordet. For min del har det utdanningsløpet eg har hatt via vidaregåande skule med læretid og fagskule gjort at eg meiner å ha ei god forståing av fagområdet.
Og det er ingen tvil om at Kvamme har valt ei yrke i ein framtidsretta bransje, i ei verd med veksande energibehov og krav til miljøomsyn:
– Vi står framfor store utfordringar internasjonalt for å få ned klimafiendtlege utslepp. Fornybar energiproduksjon vil vere eit av dei viktigaste bidraga for å nå måla. Her i Norge har vi store energikjelder innan vasskraft, vind og andre mindre utforska reine energikjelder som eg trur og håpar vi i framtida vil utnytte. Desse vil det by på store utfordringar å realisere, seier Kvamme som dermed har ikkje står i fare for å måtte omskulere seg til andre bransjar dei næraste hundre åra.


Kommentarer på artikkelen “26 år og ansvarleg for nesten ein milliard i verdiar”
Skriv din kommentar