Farmhouse i Stryn løftar fram motetalent
- Farmhouse sitt talentløft Springbrett er eit fantastisk konsept for å få fram nye designerar og hjelpe fram dei talenta som vi har og skapar i Norge, seier Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke.
Farmhouse vart starta opp i 2006 som ein idé av Moods of Norway - og skal vere eit nasjonalt knutepunkt for designarar, studentar, kreative menneske og innovativt næringsliv.
Farmhouse sitt årlege nasjonale satsingsprosjekt Springbrett har som fokus å gje unge og lovande i motebransjen auka fokus på profesjonalitet og forretningskompetanse.
I juni var det duka for juryering ved Design og Arkitektur senteret i Oslo. Staalnacke er med i juryen, som er sett saman av personar med brei kompetanse, lang erfaring og forretningsteft innan mote- og tekstilbransjen.
18. august er det offisiell premieutdeling og moteshow for vinnarane under Oslo Fashion Week i regi av Farmhouse - Norwegian Creative Center.
Vinnarane er:
- Mette Alstad – 22 år, Høgskulen i Oslo
- Benjamin Theissen - 25 år, Høgskulen i Oslo
- Karoline Bakken lund – 21 år, Høgskulen i Oslo
- Elisabeth Stray Pedersen – 23 år, Kunsthøgskulen i Oslo
- Abebo J. B. Getachew – 21 år, Esmod Moteskule

Kommentarer på artikkelen “Farmhouse i Stryn løftar fram motetalent”
Skriv din kommentar