Filmbransjen inntek Sogn og Fjordane

publisert 23.06.2010 av Redaksjonen

I sommar skal det lagast fire filmar tre ulike stader i Sogn og Fjordane. Og meir kan det bli, håpar produsent og arrangør Svein Arild Vatsø i Bremanger.

Filmbransjen inntek Sogn og Fjordane

To TV-filmar vert spelt inn i Sogndal i sommar, ein av «Varg Veum»-filmane skal spelast inn i Førde, og i Bremanger skal den norske ungdomsfilmen «Hjelp, vi er russ!» spelast inn. 

Produsent og arrangør Svein Arild Vatsø i selskapet Firework i Kalvåg i Bremanger er ein av pådrivarane for å få filminnspelingar til sitt distrikt:

- Det virkar som om filmskaparane er i ferd med å få augene opp for vår del av Vestlandet, seier han. 

- Dei opplever at dei blir sett pris på og lagt merke til her. Her kjem dei til opne dører, og kjenner seg velkomne. Det må vere spesielt kjekt for dei som elles er vande med å halde til i større byar og å halde eit høgare tempo. Det er nok på mange måtar lettare for filmskaparane å få til ting på bygda enn i byane.

- Men samtidig er det vel ein del ting dei har lettare tilgang til i dei større byane?
- Ja, det er klart det er vanskelegare å få tak i den rette kompetansen, og å skaffe opptaksutstyr lokalt. Men når det blir bestilt god tid i førevegen, så er det råd å ordne det meste, seier Vatsø (biletet t.h.).

Legg att verdiar

Einar Loftesnes er linjeprodusent på ungdomsfilmen som skal spelast inn i Bremanger. Han fortel at dei har 58 ulike rollar i filmen. Sjølve filmcrewet tel 24 medlemer, og lokalbefolkninga skal vere statistar. Det går med 23 dagar med opptak med fullt crew, og i tillegg ei veke der deler av produksjonsteamet deltek. 

- Grunnen til at vi har valt Bremanger, er at der kan vi få alt vi treng til innspelinga. Vi skal lage ein roadmovie, der handlinga går føre seg på strekkja frå Møre til Stavanger. I Bremanger finn vi alle dei ulike landskapa vi treng for å illudere heile Vestlandet, seier Loftesnes.

- Vi opplever ein stor velvilje blant dei som bur der. Vi legg sjølvsagt att ein del verdiar i kroner og øre, men det viktigaste trur eg er verdien av marknadsføringa som lokalsamfunna kan dra nytte av gjennom filmen. Det virkar som om lokalbefolkninga ser verdien i denne marknadsføringa, der ein kan få vist fram norsk natur på sitt beste, med fjordar, fjell og kystlandskap.

Svein Arild Vatsø håpar på ein smitteeffekt av dei innspelingane som no pågår. Han fortel at største delen av jobben er å få filmskaparane til å kome på besøk. Han seier at når dei først er komne, så er det lett å overtyde dei om at dette er rette plassen for innspelinga. 

- Eg er stolt over at dei som kjem hit blir tekne imot på ein fin måte. Det er beundringsverdig. Og dei som kjem til dømes frå Oslo skryter også av at dei får ei god kjensle av å bli godt mottekne. Folk er ikkje redde for å sleppe dei inn i husa sine, eller å låne ut husa som opptaksplass.


PÅ LOCATION: Grotlesanden er ein av dei mange naturskjønne opptaksplassane i Bremanger.

Les meir om årets innspelingar:


Frå tildegare omtaler:

NRKs Fylkesleksikon:

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Filmbransjen inntek Sogn og Fjordane”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt