Musikalske ambassadørar for Framtidsfylket inntek Europa med ny plate

publisert 14.01.2010 av Redaksjonen

Musikkgruppa Pony The Pirate reiste i midten av januar til det største bransjetreffet i Europa med ei rykande fersk plate i bagasjen.

Musikalske ambassadørar for Framtidsfylket inntek Europa med ny plate

Måndag 11. januar 2010 kom bandet Pony The Pirate med si første plate. I bandet finn vi Kurt Andrè Aase frå Bygstad i Gaular og Camillla Sæle Merkesvik frå Ortnevik i Høyanger. Bandet er ambassadørar for Framtidsfylket, og har reklame for Framtidsfylket på bandbussen.

Onsdag reiste dei to og resten av bandet til det største bransjetreffet for musikk i Europa, Eurosonic i Nederland, for å syne seg fram, melder NRK Sogn og Fjordane.

- Betyr turen til Nederland at de no skal lanserast i utlandet?

- Nei, ikkje enno. Men vi håper på at kontrakten med Sony BMG kan utvidast slik at vi også får gi ut plata vår i den store verda i løpet av året. Det seier Kurt Andrè Aase til NRK Sogn og Fjordane.

Pony The Pirate fekk sitt gjennombrot då dei vann NRK P3 sin Urørtfinale for nye band i januar 2009. Etter det tok det av for bandet som spelte på dei fleste av dei store festivalane i Norge same året.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Musikalske ambassadørar for Framtidsfylket inntek Europa med ny plate”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt